– Det er flott å kunne feire filmen på denne måten, seier regissør Jan Vardøen til Møre-Nytt.

Det var dobbelt fest i Volda laurdag. Førpremieren på «Det norske hus», spelt inn ved Hotel Union Øye i Norangsfjorden, var først på programmet. Deretter var det gravøl Volda statlege mottak, som skal leggast ned.

Fleire av bebuarane på mottaket var statistar i filmen, og var spente på å sjå seg sjølve på lerretet.

– Det var ei heilt ny oppleving for meg, og veldig spennande. Eg vart kjent med fleire i filmen, og snakka mykje med hovudrollehavaren (Shahrukh Kavousi, journ.merk.), seier Kamal Al-Amody, ein av statistane.

– Både mottaket og bebuarane var verkeleg på tilbodssida, og gjorde ein kjempegod jobb for oss, seier Vardøen.

Han synest det er synd at mottaket blir lagt ned.

– Det er jo slik det er, men eg har inntrykk av at mange har fått eit godt forhold til det her i Volda.

Det står ikkje på rollelista, men Hotel Union Øye må også reknast som ein hovudrolleinnehavar i «Det norske hus». Sveitsarstilhotellet ved Norangsfjorden dannar kulissane gjennom det meste av spelefilmen, og gir Vardøen bakteppet han ønskte for denne politiske satiren om det å vere framand i Noreg.

– Eg fekk ideen om å filme på Øye frå John Christian Rosenlund, som var fotograf i «Bølgen». Det var jo litt synd at hotellet ikkje kom med i den filmen, men det har vi jo fått retta opp no. Det aller meste av «Det norske hus» er spelt inn på hotellet.

– Vi har jo vore vertar for ein del filminnspelingar no, og det er utruleg spennande. Det var det denne gongen også, og vi følte verkeleg vi var ein av gjengen, seier Mariann Øye-Mork, direktør ved Hotel Union Øye, som også var på plass i Volda for å få med seg premieren.

– Mariann var verdas beste vertinne. Under norske filminnspelingar brukar det å vere mykje dårleg mat. Slik var det absolutt ikkje på Øye. Eg trur heile gjengen gjekk opp fleire kilo under innspelinga, seier Vardøen og flirer.

Og filmen? Etter opningsscena med luftfoto av Hotel Union og Norangsfjorden, akkompagnert «Solveigs song» av Edvard Grieg, blir vi tekne med på ei satirisk reise i korleis det er å kome til Noreg og møte det vi kallar norsk kultur.

– Det er ein varm film, men vi prøver jo å få fram ein bodskap også, seier Vardøen, som sjølvsagt er spent på korleis filmen blir teken imot av publikum.

Den ordinære premieren på «Det norske hus» er 17. februar.

Les meir i Møre-Nytt tysdag.