Hovdebygda/Mork spelte uavgjort mot Sunndal, 0-0, og kom på delt førsteplass i B-sluttspelet i Norway Cup.

J14 laget har halde på spenninga heile meisterskapen, og har vunne kampane sine med små marginar. Dei vart klare for kvartfinalen etter å ha vunne 2-1 over Falkeid IL. Det avgjerande målet kom 30 sekund før 2. ekstraomgang var over.

I kvartfinalen mot Tertnes vann dei sikkert 0-2.

Jubelen stod i taket då det vart klart at dei var klare for finalen, etter at dei torsdag kveld slo Nordby Turbojenter 0-1 i semifinalen.

Hjelpetrenar Paul Rune Ingebrigtsen rosar jentene, og seier at dei har lagt ned ein fantastisk innsats.