Jentene tok seg til B-sluttspelet i Norway Cup etter ein siger, eitt tap og ein uavgjort kamp. I sluttspelet har det gått strake råsa, og jentene har vunne alle kampane. Torsdag kveld slo dei Nordby Turbojenter 0-1, og finalespelet var i boks.

Dei andre Ørsta-laga i turneringa har også gjort ein stor innsats. Vartdal sitt J16 lag var dei einaste som nådde A-sluttspelet, men her måtte dei sjå seg slått av Konnerud frå Buskerud. Men med seg i bagasjen heim kunne Vartdal-jentene pakke med seg heile 36 mål frå turneringa, fordelt på fem kampar.

Totalt var det sju lokale lag med i Norway Cup i år. Fire frå Ørsta, eitt frå Vartdal, eitt frå Sæbø og eitt frå Hovdebygda/Mork.

Hovdebygda/Mork spelar finale mot Sunndal klokka 13.30 fredag.

LES OGSÅ: Glade jenter til semifinalen