I 1997 rykka Ørsta IL fotball sitt herrelag ned frå 2. divisjon, men opphaldet i 3. divisjon varte berre ein sesong. Under leiing av Lars Arne Nilsen og Oddvar Takset feia Ørsta all motstand til side, og då dei slo Skodje 5–0 på Ørsta stadion i midten av september var opprykket sikra. Sigeren vart feira framfor 241 betalande tilskodarar, og det vart opprykksfest på klubbhuset med kake og fruktchampagne.

Les også: - Hjelp oss til opprykk

Møtte Brann i cupen

I 1999 var Ørsta og Volda begge i 2. divisjon. Ørsta fekk ein tøff sesong, men klarte å klore seg fast i divisjonen. Sesongen var mest hugsa fordi Ørsta gjekk til 3. runde i cupen og møtte Brann på Brann Stadion. Ørsta hadde på vegen slått Skarbøvik 3–1 i første runde og deretter Hødd med 3–1 i 2. runde. Det var 23. juni, på årsdagen for Noreg sin berømte 2-1-siger over Brasil i VM. Ørsta tapte rett nok 1-3, men beit godt frå seg undervegs. På stillinga 2–1 til Brann hadde faktisk Ørsta gode sjansar til å utlikne, før Brann kontra inn 3-1-målet. Kjetil Kolås var målskårar for Ørsta i denne kampen. Knut Egil Aarseth stod ein strålande kamp i mål for Ørsta. Dei andre i troppen var: Jan Magne Leira, Ole Christian Fet, Arve Halkjelsvik, Anders Liadal, Hallgeir Aam, Geir Olav Lystad, Dag Roar Ørsal, Asle Myrold, Bjørn Brevik, Frode Johannessen Ose, Kai-Are Strande, Stian Bjørkedal Dahle, Inge Lade og Bredo Klepp.

Nedrykk

Siste året i 2. divisjon var i 2000. Då rykte Ørsta ned etter å ha kome på 11.- og nest siste plass. Ørsta kapra berre 11 poeng gjennom sesongen og det var berre Jotun som var dårlegare. Dette var siste året 2. divisjon bestod av 8 avdelingar. Hødd vart avdelingsvinnar i Ørsta si avdeling. AaFK vann ei av dei andre avdelingane. Sidan har det gått nedover for Ørsta, bratt oppover for AaFK, medan Hødd no er tilbake på om lag same nivå som på starten av 2000-talet.

I 2001 var Ørsta nære å vinne 3. divisjon Sunnmøre, men vart slått av Langevåg på målstreken. Etter dette stabiliserte Ørsta seg på nedre halvdel av 3. divisjon fram til 2007. Då vart det nedrykk til 4. divisjon.

Ørsta avgjer sjølv

I 4. divisjon vart resultata til Ørsta gradvis dårlegare etter kvart som sesongane gjekk, og i 2016 vart det nytt nedrykk til 5. divisjon. Målsettinga før årets sesong var at opphaldet i 5. divisjon skulle bli kortast mogleg.

No står det att ein kamp av sesongen. Om Ørsta slår Ellingsøy på heimebane vil 2.-plassen i divisjonen vere sikra, og opprykket til 4. divisjon vere i boks. Om Ørsta skulle spele uavgjort eller tape er dei avhengig av at Blindheim ikkje slår Volda 2 på bortebane. Så står det att å sjå om det blir ein ny opprykksfest som for 19 år sidan eller om ventetida vert forlenga.