Torsdag kan Ørsta sikre seg opprykk til 4. divisjon i sesongens siste kamp. For å greie det, ynskjer Ørsta-trenar Are Bjørgum hjelp frå publikum.

– Vi vil setje stor pris om det er eit skikkeleg trykk rundt bana torsdag kveld. Det vil hjelpe oss mykje. På dei fem siste kampane har vi skåra 29 mål. Berre det bør tilseie at det kan verte hyggjeleg for publikum, seier Bjørgum.

Motstandar er Ellingsøy, som i nest siste serierunde sikra seg ny kontrakt.

– Vi kan møte eit lag som har senkt skuldrene, og slike lag kan vere farlege å møte. På den andre sida, vi har dei fem siste kampane visst at vi må vinne for å henge med. Det har vore som å spele cupfinalar, og no har vi ein cupfinale igjen, på heimebane, seier Bjørgum.

Ørsta har vist solid haustform. I siste kamp vart det siger 5-0 mot Herd2 på Moa.

Hovdebygda skal møte opprykksklare Valder i siste serierunde.