Ørsta styrte mykje av spelet den første halvtimen, og fekk betalt med to kjappe skåringar ved Mats Øvrebotten og Sigurd Aarflot Sundnes etter 27 og 30 min. Øvrebotten breisida inn ballen etter ei 45 graders pasning, medan Aarflot Sundnes sette inn eit flott skot frå distanse.

Langevåg klarte likevel å kjempe seg tilbake i kampen, og tok att leiinga til Ørsta før pause. 2-2-målet var særleg nemneverdig: Eit godt plassert frispark over muren til Ørsta.

Den andre omgangen fekk eit fyrverkeri av ein start. Først runda nemnde Øvrebotten målvakta til Langevåg og sette ballen i mål etter eit svakt tilbakespel frå bortelaget. Like etter utlikna Langevåg.

Eit stykke ut i omgangen tok Langevåg leiinga for første gong i kampen. Like etter kom dei åleine på mål igjen, men ei god redning av Martin Liaskar i Ørsta-målet hindra 3-5.

Ørsta sette press på Langevåg mot slutten av kampen. Først fekk Mats Øvrebotten sjansen til å sette inn sitt tredje mål og utlikne, men vart hindra av Langevåg-målvakta. Like før slutt redda sette Ørsta nesten ballen i mål etter eit hjørnespark, men det ville seg ikkje. Ørsta ropte også på straffespark ved eit par situasjonar, men fekk ikke medhald frå sommaren.

Dermed reiste Langevåg over Storfjorden att med alle tre poenga. Dei er no blant topplaga på tabellen med full pott etter tre kampar. Ørsta står framleis på tre poeng, og ligg like over nedrykksstreken. Neste veke reiser Ørsta til Valderøya for å møte Valder, som har tapt alle sine tre kampar til no.