– I januar og litt ut i februar fekk vi trent veldig bra. Så fekk vi litt skadar og nokre spelarar har vore vekke i samband med jobb. Sesongoppkøyringa har ikkje blitt så god som vi hadde von om. Totalt sett er vi klare til sesongstarten komande fredag, og eg føler at vi ligg betre an no samanlikna med i fjor, seier Lid Kleppe.

Vårsesongen for Ørsta i fjor var god og laget hang med heilt i toppen av divisjonen. Etter ei svak periode etter sommarferien hamna Ørsta til slutt på ein 7.-plass i 4. divisjon.

– Vi har ikkje eit spesifikt resultatmål, men fokuset vårt er å bruke kvar sesong til å gjere Ørsta betre og utvikle spelarar. Mykje ligg til rette for at vi skal gjere det betre enn i fjor. Heile spelargruppa inkludert seniorspelarane er meir svoltne og opptekne av å gjere ting på ein skikkeleg måte.

Nokre spelarar har forsvunne frå Ørsta-stallen sidan sesongen i fjor, men Ørsta er ikkje svekka ifølgje Lid Kleppe.

– Eg føler at vi står sterkare no enn i fjor, og vi har større kontinuitet enn mange av dei andre laga i divisjonen. Av spelarar er Terje Haugen Øye vekke frå stallen i fjor, men elles er så å seie alle som hadde mykje speletid med frå fjoråret. Daniel Aakre kom tilbake til Ørsta i fjor haust. Han risikerer å vere ute store delar av sesongen med skade. Det er ikkje ideelt for oss, og Daniel er ein viktig brikke i laget.

Med divisjonsomlegginga som trer i kraft neste sesong vert det ein kamp om å halde plassen i 4. divisjon for mange av laga i år.

– Det er interessant og spennande det som skjer med spørsmål om divisjonen vert på 12 lag eller utvida til 14 lag. Kor mange lag som rykker ned er avhengig av det som skjer med laga frå Sunnmøre i 3. divisjon, og det er mange faktorar som avgjer. Mest truleg vil talet på lag som går ned verte som i fjor pluss eitt til to lag. Vi får som fortent ut frå prestasjonane våre, og eg er optimistisk med tanke på årets sesong. Ørsta har eit bra lag med mange svoltne spelarar, og vi har bra konkurranse på plassane. Ørsta-publikummet har mykje å sjå fram mot denne sesongen.

Lid Kleppe meiner at årets 4. divisjon er sterkare enn fjorårets. Han har von om at Ørsta kan vere ein utfordrar.

– Det er fleire gode lag i år og det ser eg på som positivt. Vi får spele mange tøffe kampar, og spelarane får utvikle seg og får nye erfaringar. Mest truleg vil Godøy, Valder og Emblem skilje seg ut. Dei ser best ut på papiret og ut frå resultata i treningskampar og kvalifisering til NM. Ørsta, Langevåg, Larsnes/Gursken og Skarbøvik er utfordrarar bak dei. Vi har von om å blande oss inn der, men for å gjere det må vi prestere jamnare. Vi må ha to gode halvdelar av sesongen, og ikkje berre vere gode i vårsesongen.