Berre høyr med geitebonde Magnus Skjerdal på Leira. Han har ei rimeleg god inntekt – og er ikkje redd for å fortelje det.

På Sellereite øvst på Leira har Magnus Skjerdal (66) fjøsen full av geiter og kje, og der brekar det vårleg i alle slags falsettar der det eine vesle hovudet etter det andre stikk seg nyfiken fram når vi kjem innom.

Størst

Sindige Skjerdal er Ørsta sin største geitebonde. I fjøsen har han no 180 geiter, men kapasiteten er 190. Og mjølkekvoten utgjer 177.000 liter inkludert leige av to kvotar for garden som sogningen Magnus Skjerdal, som kjem frå Aurland, kjøpte i 1978. Då var det kyr på bruket, men i 1981 gjekk han over til geiter då han fann ut at det var fantastiske forhold for geitehald i dette området.

Etter ein omfattande saneringsprosess som starta for seks år sidan, for å kvitte seg med dei kroniske infeksjonssjukdommane CAE, paratuberkulose og byllesjuke, noko alle geitebønder var med på, var Skjerdal tilbake for fullt med friske geiter i 2013. Og no er der full drift på garden der Skjedal sin yngsteson, Lidvin, er leigd inn som dreng på fulltid. Og no fortel geitebonden på Leira om gode tider. Som dei fleste andre bønder etter saneringa, kan Skjerdal  vise til god mjølkekvalitet med høgt tørrtstoffinnhald, noko som gir god pris for mjølka som vert levert til meieriet i Ørsta.

– Økonomien i geitehald er bra, og eg klagar ikkje. Likevel sluttar mange bønder fordi dei synest det vert for mykje arbeid og ikkje har ordna fritid. For å drive godt må ein vere rasjonell og nokså stor. Eg har bygt stein for stein, og har utvida litt etter litt, og i dag har eg ikkje så mykje lån på garden. Då er det nok meir utfordrande for dei som byggjer nytt i dag å få ei god og anstendig lønn, vurderer Skjerdal.

Overføringar

Han gjer det likevel klart at overføringane frå staten er avgjerande.

– Ja, vi er heilt avhengige av tilskot og overføringar. Utan dette hadde det ikkje gått rundt, fortel Skjerdal som konstaterer at literprisen på geitmjølk er høgare enn på kumjølk fordi geitebøndene har eit grunntilskot som mjølkebøndene ikkje har.

Skjerdal vil ikkje skape eit inntrykk av at alt er berre velstrand i geitenæringa.

– Hadde eg vore landbruksminister hadde eg sagt at landbruket skal ha ei like god lønnsutvikling som andre næringar. Då snakkar eg om kronebeløp, ikkje prosentar, for det vert feil. Det er framleis langt fram før dette ønsket er realitet.

Rolegare

Sjølv om Skjerdal har dreng som gjer mykje av arbeidet, og 66-åringen har fått rolegare arbeidsdagar på sine eldre dagar, så er det ikkje slik at Skjerdal ligg dagen lang på divanen og høyrer radio og les aviser. Langt ifrå. Driv ein gard er ein aldri arbeidslaus. Magnus er oppe halv sju. Då skal geitene mjølkast og fôrast. I sekstida om kvelden er det ei ny runde med dette. Og tida imellom vert brukt til gardsarbeid og klargjering. Då Møre-Nytt besøkte Skjerdal denne veka stod møkkaspreiaren klar for å dekorere markane. Dei skal verte grøne og frodige før geitene skal sleppast ut på beite i starten av juni. I seksten veker er geitene ute på dagtid. Å ha dei gåande ute døgnet rundt i all slags ver er ikkje noko sjakktrekk viss ein driv med geiter. For då kan sjansen vere stor for at geitene tørkar inn og sluttar å produsere mjølk.

– Dette er ein veldig balansegong. Eg har geitene ute på den fine sommartida der dei beitar og steller kulturlandskapet. Men dei får nesten full inneforing ute. Målet er sjølvsagt heile tida å få dyra til å produsere mest mogleg mjølk av best mogleg kvalitet.

Å drive med geiter handlar også om å pare dei. Det vanlege har vore at geitene vert para slik at dei får kje om våren. Men etter 1995, då Snøfrisk-produksjon var i gang, måtte meieriet ha tilgang på geitmjølk heile året, og då gjekk ein over til haustkjeing.  Og sidan har hausten vore tida for kjeing hjå Skjerdal. Bukkane i fjøsen har likevel nok å gjere. Det er ikkje gjort på ein halvtime å pare snart to hundre «kvinnfolk» på fire bein.

Magnus er ein mann som er lett å få i tale, og han har meiningar om mykje. Også om det som no skjer med Ørsta-meieriet.

– Eg er usikker på om eg har påverknad på det som no skjer. Men vi vil likevel uttale oss. Det er slik at Ørsta-meieriet er eit «utviklingsmeieri» som skal produsere og utvikle nye geitemjølkprodukt. Og kvar skal denne utviklinga skje dersom meieriet vert lagt ned, spør Skjerdal som vedgår at saka er samansett.

– Det er jo også slik at vi som er medeigarar i meieriet ønskjer høgst mogleg «bonus». Det skal skje med mest mogleg effektiv drift, noko Tine-leiinga no jobbar for å betre. Når det er sagt så ønskjer eg at meieriet i Ørsta skal haldast oppe.

Til slutt ønskjer Magnus Skjerdal å kome med eit leggspark til journalistar som skriv og skriv om store overføringar til bøndene:

– Er du klar over kor mykje overføringar frå staten ein journalist i gjennomsnitt får?

– Nei.

– 1,5 millionar kroner. Det kan vi berre drøyme om!