Det skriv Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Han har fremja motsegn mot Inge Kolås sin reguleringsplan for Hjortelegene i Follestaddalen. Kolås ønskjer å legge til rette for mellom anna utleigehytter, selskapslokale og buder/«elvenaust» på begge sider av fylkesvegen på Myklebust (nær samfunnshuset).

Fylkesmannen er sterkt kritisk til at planen legg opp til å fjerne det gode jordbruksarealet mellom fylkesvegen og elva, og motsegna inkluderer alt i planen som ligg nedanfor fylkesvegen (mot elva).- Den føreslegne utbygginga vil fragmentere noko av det beste og mest samanhengande jordbruksarealet i kommunen, og dette kan ikkje kompenserast med nydyrking ein annan stad, skriv fylkesmannen i motsegna.

Administrasjonen i Ørsta kommune åtvara også mot konsekvensane planen medfører for jordbruket, i tillegg til ein uavklart flaumsituasjon, og rådde politikarane til å ikkje legge planen ut til offentleg ettersyn. Fleirtalet i formannskapet, sett saman av Senterpartiet, Framstegspartiet og Arbeidarpartiet, trassa dette rådet og la planen ut.

Framlegget har også møtt kritikk i lokalmiljøet, og sist torsdag sa Øyvind Myklebust i Follestaddalen til Møre-Nytt at han fryktar planen vil bety starten på slutten for landbruket i Follestaddalen, om han blir vedteken.

I planen er det oppgitt at det vil med om lag 2,5 dekar med dyrkamark, men at det skal nydyrkast 15–16 dekar for å kompensere for tapet. Fylkesmannen peiker ikkje berre på nedbygginga, men på at arealet blir delt opp og at nausta/budene vil ligge tett opp til det produktive arealet.

– Dette vil kunne få drifts- og miljømessige ulemper for jordbruket. Sjølvsagt kan tiltaket bidra til å generere inntekter i ei jordbruksbygd, men samtidig meiner vi at det vil gå utover ei næring som allereie finst der, skriv fylkesmannen og peikar på at ei slik nedbygging ikkje er i tråd med dei nasjonale føringane for jordvern.

Han minner også om at Ørsta kommune legg opp til svært mykje nedbygging av jordbruksareal i den nyleg vedtekne kommunedelplanen for sentrum og Hovdebygda., og kjem med ei klar melding til kommunen:

– Noko av føresetnaden for dette var at jordvernet skulle prioriterast utanfor kommunedelplanområdet. Vi ber kommunen om å ta dette på alvor, og må minne om at jordvern er eit viktig omsyn som kommunal planlegging skal vareta.

Motsegna frå fylkesmannen vil i praksis seie at planen ikkje kan bli vedteken i si noverande form.

Statens vegvesen har også reist motsegn mot planen, fordi reguleringsbreidde for fylkesvegen gjennom området er for liten.