Saka i formannskapet handla om planen skulle leggjast ut til offentleg ettersyn eller ikkje. Administrasjonen rådde sterkt ifrå dette, og i formannskapet var meiningane delte. Til slutt sa fem ja til å leggje ut planen, medan tre (H og V) sa nei til å leggje planen ut no.

Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for turismeføremål med m.a. utleigehytter, selskapslokale, buder/«elvenaust» og ei tidl. høgspentmast med klatrevegg og utleigerom på toppen.

Planområdet er både ovanfor og nedanfor fylkesvegen på Myklebust (nær Follestaddal samfunnshus) i Follestaddalen, og det er særleg bruken av den dyrka jorda ned mot elva som administrasjonen steilar i mot.

Her har Inge Kolås sett i gang med i dyrke erstatningsjord ovanfor fylkesvegen.

– Men eg kjem ikkje til å fullføre arbeidet viss planen ikkje vert slik han er tenkt, sa Kolås under synfaringa.

– Rådmannen har ikkje avgjerande innvendingar mot den arealbruken som er foreslått på oppsida av fylkesvegen. Denne type småskala turismesatsing samsvarer m.a. med dei føringane som tidlegare er lagt til grunn, og dette prosjektet kan difor vere eit tilskot til satsinga elles i kommunen, heiter det i tilrådinga.

Men grunna konflikt med jordvernet og ein uavklart flaumsituasjon for områda nedanfor fylkesvegen, rådde administrasjonen til at planen ikkje vart lagt ut til offentleg ettersyn, slik han låg føre, og at Kolås heller skulle ta tilbake planen, omarbeide han og meir tilpasse han dei merknadene som har kome inn under forvarslinga. Alternativt kunne den delen av planen som gjeld området ovanfor fylkesvegen verte lagt ut. Nok altså Kolås under synfaringa sa var uaktuelt for han.

Under handsaminga av planen i formannskapet opna ordførar Stein Aam debatten med å seie at planen var interessant og spennande.

– Tilrådinga frå administrasjonen er klar, og spørsmålet er kva konsekvensar det er med å opne for offentleg ettersyn. Skal vi drepe gode initiativ?, spurde Aam.

Hans-Olav Myklebust (Frp) meinte det ville vere verdfullt å få lagt ut heile planframlegget. – Her er det eine framlegget avhengig av det andre for å skape aktivitet. Kolås vil tilføre meir dyrka mark enn det som vert omdisponert. Det er ein vinn-vinn-situasjon, insisterte Myklebust.

Mathias Kaarstad frå planavdelinga forklarte at det vart tilrådd avslag på heile planen fordi det er store endringar som må til før han kan verte akseptert.

– Difor er dei rett å sende heile planen tilbake. Seier vi ja, tek kommunen det formelle ansvaret for planen. Han er for dårleg til å fremjast no, sa Kaarstad.

Inger Sundnes (H) ville lytte til administrasjonen.

– Vi må ha fagleg tyngde for å leggje planen ut. Og etter det eg har høyrt, synest ikkje eg at vi kan gjere det.

– Med å leggje planen ut, vil vi gå inn i ei tung landbruksfagleg konflikt. Dette er noko av det beste landbruksarealet vi har. Planen vil møte motstand sjølv om her er erstatningsareal, sa Per Are Sørheim (H).

– Det er betre at forslagsstillaren gjer justeringane vi rår til. Og då vil vi ha ei meir ryddig sak når ho kjem tilbake, sa Solheim.

– Eg er villig til å ta ein sjanse, sa Aam, og fekk med seg Sp, Ap og Frp på å leggje planen ut til offentleg ettersyn.

<strong>Skisse:</strong> Slik tenkjer Inge Kolås seg deler av anlegget på Hjortelegene.