– Eg vil halde fram prosessen, men berre dersom Ørsta også vil. Det går ikkje an å tvinge nokon her, seier påtroppande ordførar Jørgen Amdam (Ap) i Volda til Møre-Nytt

I eit intervju med Sunnmørsposten sist laurdag sa Amdam at signala frå Ørsta etter valet tyder på at det ikkje blir noko samanslåing i denne fireårsperioden, og at kommunereforma har «spelt fallitt».

Overfor Møre-Nytt er Amdam klar på at han framleis ønskjer ei samanslåing.

– Har dei som røysta på deg fordi dei ønskjer ei samanslåing grunn til å føle seg svikta?

– Nei, slik ser ikkje eg det. Eg vil som sagt halde fram samanslåingsprosessen om det er grunnlag for det.

Aam vil halde fram

Påtroppande ordførar Stein Aam (Sp) i Ørsta har vore ein utprega skeptikar til samanslåing. Han avviser likevel at han vil stoppe utgreiingsprosessen som er sett i gang i begge kommunane. Denne skal munne ut i ei folkerøysting neste vår.

– Eg vil at utgreiinga skal gå sin gang, i tråd med vedtaket i kommunestyret. Vi skal setje oss ned og få svar på dei vanskelege spørsmåla før folkerøystinga. Det gjeld mellom anna Tussa-aksjane til Ørsta og investeringane Ørsta kommune har gjort i vatn og avløp. Når vi skal gjennomføre ei folkerøysting, skal folket ha eit godt grunnlag for å seie ja eller nei, seier Aam til Møre-Nytt.

– Dette signalet frå Aam er godt nok grunnlag for å halde fram prosessen fram mot folkerøystinga. Om den endar med eit fleirtal for samanslåing, så er det framleis mogleg at det skjer i denne fireårsperioden, svarer Amdam. Han moderer seg dermed samanlikna med det han sa i Sunnmørsposten førre veke.

Kritisk til prosessen

Amdam, som også er professor emeritus i samfunnsplanlegging ved Høgskulen i Volda, legg likevel ikkje skjul på at han er kritisk til måten kommunereforma blir gjennomført på.

– Ja, det ligg ein kritikk av regjeringa i botnen her. Det burde vore større økonomiske insentiv for å slå seg saman, og det burde vore gjort eit betre arbeid for å skape lokalt eigarskap til prosessen. I tillegg burde vi vore flinkare til å få fram fordelane med reforma.

– Kva er desse fordelane?

– Det som er tydeleg, er at det er relativt lite å hente på drifta av kommunane. Det viktigaste er å vere mest mogleg slagkraftige i kampen for å gjere regionen og dei institusjonane vi har her slagkraftige og sterke. Då meiner eg ein samla kommune vil vere betre rusta og ha større fagressursar.

Gledeleg overraska

Stein Aam helsar Amdam sin kritikk av kommunereforma velkomen.

– Eg vart gledeleg overraska då eg las det. Det ser ut til at han har forstått noko av det vi i Senterpartiet har argumentert for lenge.

Han legg ikkje skjul på at han meiner kommunane klarer seg godt kvar for seg.

– Ja, men det betyr ikkje at vi ikkje skal samarbeid. Eg ser gjerne at vi får fleire interkommunale samarbeid i Ørsta og Volda og elles i regionen. I tillegg er det svært viktig at vi står samla i kampen for å bevare Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Det er mykje viktigare enn kommunereforma, seier Aam.

Amdam trur noko av det viktigaste for tilhengarane av ei samanslåing blir å overtyde utkantane.

– I sentrumskrinsane trur eg det allereie er fleirtal for samanslåing. På bygdene er det mange som fryktar at dagens offentlege tilbod forsvinn ved ei samanslåing. Ei viktig oppgåve blir å tydeleggjere at det ikkje nødvendigvis skjer.

<strong>Ønskjer kritikk velkomen:</strong> Påtroppande Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) helsar Jørgen Amdam sin kritikk av kommunereforma velkomen.