Førre reform med Schei-komiteen reduserte tal kommunar med 30%, får vi no ei tilsvarande endring ned mot 300 kommunar i Norge? Dette er fortsatt uvisst, men med nokre unntak synes det meste av reelle endringsdrøftingar å omfatte 2 – 4 kommunar. Dess fleire kommunar som skal slå seg saman, dess meir komplekst blir arbeidet og om ein skal slå saman regionar som Sunnmøre eller Romsdal må ein truleg finne andre organisasjonsmodellar enn dei vanlege i dag. Om slike samanslåingar blir vanlege må også fylkesstrukturen og oppgåvefordelinga endrast radikalt.

Derfor er det mest sannsynleg at vi får om lag same struktur etter reforma som i dag, men med nokre fleire mellomstore kommunar og nokre færre små – kanskje 350 totalt. Større endringar vil nok krevje tvang frå Stortinget, noko det neppe er fleirtal for i dag. Å tvinge gjennom samanslåing av mange små utkantkommunar som har svært lite fellesskap forstår eg ikkje behova for.  Så kvifor meiner eg at Ørsta og Volda bør slå seg saman? Begge kommunane er relativt store i ein norsk samanheng og det er forhold som talar både for og mot.

Velferd og utdanning er viktig

Kommunane er i dag den aller viktigaste offentlege tenesteytaren for oss innbyggarar og spesielt for barn og ungdom og for omsorg. Velferdsstaten har «delegert» desse oppgåvene til kommunane, men under streng kontroll.

Kommunane våre er så store at det er lite å vinne økonomisk på å slå oss saman kva gjeld den daglege og hyppige verksemda. Barnehagar, skular, sjukeheimar, omsorgbustadar, heimehjelp m.m. vil nok ikkje blir omlokalisert eller nedlagt, sjølv om det kan bli endring i leiing og organisering. Men kompetansekrav og kapasitetsbehov som samhandlingsreforma og nye krav til kommunane innan til dømes rus og psykiatri fører med seg kan bli lettare å møte i ei samla kommune med snart 20.000 innbyggarar.

Når den nye kommunen skal organiserast er det nok slike noverande og framtidige krevjande omsorgsbehov som det må fokuserast på og der det etter mi meining er fordelar å finne meir enn ulempar. I tilfelle er det kvalitet, kompetanse og kapasitet som må vere i fokus meir enn økonomisk innsparing.

Når snart 1/3 av dei som bur i Volda arbeider i Ørsta og omvendt så betyr dette at vi i dag er sterkt sosialt integrert og har sams utfordringar inn utdanning og omsorg. For meg er dette eit viktig argument for samanslåing. Utfordringane kjem til å bli større i åra som kjem og vil krevje stadig tettare samarbeid (og moglege konfliktar) om vi ikkje slår oss saman.

Kven treng å oppsøke rådhuset i dag?

Før måtte mange innom rådhuset for å få løyver av ulike slag, no blir svært mykje av dette løyst på nettet. Om eg ikkje var politikar, trur eg neppe at eg ville ha oppsøkt rådhuset med personleg ærend i det heile. Sjølvsagt er dette forskjellig for ulike personar, men som regel er det funksjonar som ofte er på rådhuset som NAV m.m. nokon skal oppsøke og ikkje rådmannen og hans stab. Likevel er plassering av rådhus ei viktig symbolsak som eg skal kome tilbake til.

Det som er viktig med rådhuset er kvaliteten til arbeidet som blir utført innan sosial- og helseforvaltning, skule- og barnehageforvaltning, planlegging, bygning og anlegg og alt det andre forvaltningsarbeidet som kommunane utfører. Ofte er det mange, krevjande og oppdelte oppgåver som vi veit at mange små kommunar slit med.

Vanlege erfaringar frå tidlegare samanslåingar er at det kan bli lettare å rekruttere spesialistar og spesialkompetanse, noko som gjer at kvaliteten og til dels kapasiteten til slike tenester blir betre med same ressursbruk som før. På den andre sida kan ei samanslåing føre til større avstand til folk, men som i nokre saksfelt faktisk kan vere ein fordel.

Lokal og regional utvikling

Ørsta og Volda er med Eiksundsambandet og Kvivsvegen det geografiske senteret for ein region med over 60.000 innbyggarar – men der vi som sentrum blir utfordra spesielt av Ulsteinvik og Ålesund. Vi er reelt sett integrert som eitt senter/samfunn kva gjeld arbeid og handel. Om ein bur i Ørsta eller Volda er meir eit personleg spørsmål enn noko som er nødvendig ut frå arbeid eller service.

Men sjølv om vi har fått ein langt større arbeidsmarknad kan vi ikkje sove oss til vekst, snarare tvert i mot. Det er like lett å reise til Ulsteinvik får Ørsta som frå Ulsteinvik til Ørsta. Regional integrasjon fører til regional konkurranse og om Ørsta og Volda konkurrerer og ikkje samarbeider, vil vi lett tape i konkurransen med andre i og utanom regionen.

Vi har også mykje å forsvare i ein nasjonal og regional samanheng. Spesielt offentleg verksemd som sjukehus, høgskule, lånekasse, Helfo, sorenskrivar m.m. er alt anna enn freda i dag med pågåande sterk sentralisering og samanslåing.

Privat verksemd som industri og handel kan bli utfordra om vi ikkje driv aktiv tilrettelegging. Samla perspektiv for planlegging, lokalisering og utbygging av næringsareal, bustader, kommunikasjonar m.m. er heilt nødvendig for vidare utvikling og vekst i samfunnet vårt.

For meg er det viktigaste argumentet for ei samla kommune at vi treng å snakke med ei tunge i staden for to for å vidareutvikle samfunnet vårt. Sjølv om det kan vere innbyrdes konflikt vil eit sams kommunestyre gjennom fleirtalsvedtak stake ut framtidig kurs på demokratisk vis. Vi må unngå tilhøva vi hadde på 1970-talet då vi faktisk vedtok ein sams regionplan, men kommunane kvar for seg gjorde det stikk motsette!

Lokaldemokrati i fare?

Ei samanslåing av Ørsta og Volda vil føre til ei om lag halvering av politikarar i kommunestyret. Truleg vil bygdene bli svakare representert enn i dag og frå andre kommunesamanslåingar veit ein at etter samanslåing kan ei sentralisering av offentlege tilbod som skule og barnehage bli pressa fram.

Mot dette kan det peikast på at ein samla kommune med 20.000 innbyggarar og som er ei godt avgrensa funksjonell eining geografisk sett, så kan ein lokaldemokratisk sjå fleire forhold i samanheng og take på seg større oppgåver. Fristilt samarbeid kan kome under sams leiing, noko som kan styrke lokaldemokratiet.

Eg trur, men veit ikkje, at vi kan få eit meir levande og ansvarleg lokaldemokrati, fordi dette er avhengig av arbeidsmåtar og fokus i dei politiske verkstadane som kommunestyre og formannsskap er. Det eg veit er at det er meir enn nok av viktige og krevjande oppgåver for eit nytt  sams kommunestyre og som kan gi nytt innhald i og fokus på det demokratiske utviklingsarbeidet i regionen vår.

Kva skal barnet heite?

Frå tidlegare samanslåingar veit vi at det er tre spørsmål som alltid vekker debatt:

Kva skal kommune heite?

Personleg bur eg i Volda, men har fritidsbustad i Ørsta (Vatne) og mor frå Hovdebygda. Eg synes namna Ørsta og Volda er viktige å halde på, så kvifor ikkje kalle den nye kommunen Ørsta-Volda eller Volda-Ørsta? Dette kan gjerne avgjerast ved folkeavstemming.

Kvar skal rådhuset ligge?

Mange har foreslått nytt rådhus midt i mellom, noko som var den klassiske løysinga ved førre samanslåing då til dømes Fiskå vart kommunesenter i Vanylven. I Kristiansund er fortsatt rådhuset i Frei i bruk av kommunen og slik trur eg det også vil bli her. Ein må heller finne fram til kva som er mest effektiv bruk av lokala som ein alt disponerer og så heller halde kommunestyremøte anna kvar gong i Ørsta og Volda.

Kva skal ein gjere med formue/gjeld?

I vårt område har Tussa blitt eit tema. Her bør vi skilje mellom Tussa som organisasjon og som er ein viktig samfunnsutviklingsaktør for regionen vår og Tussa som formue. Eg meiner det er svært viktig at regionen vår har aktiv eigarskap i Tussa. Å selje Tussa for å frigjere midlar som likevel blir slukt av høg lånegjeld forstår eg ikkje, spesielt om dette fører til at Tussa blir passivisert som reiskap for samfunnsutvikling. Situasjonen er vel at begge kommunar er om lag likestilte kva gjeld økonomisk rikdom og fattigdom (spesielt det siste). Om ikkje anna får ein lage til eit spesielt avkastingsfond frå Tussa som berre Ørstingar kan søke på (eller meir rettferdig berre dei i Hjørundfjorden?).

Jørgen Amdam Ordførarkandidat, Volda Arbeidarparti

Kva meiner du om samanslåing av Ørsta og Volda? Bruk kommentarfeltet under.