– Vi tek Samferdsels-departementet si avgjerd om å kommersialisere ruta Hovden–Oslo til vitende. Korleis opplegget for Ørsta-Volda lufthamn, Hovden–Gardermoen vert frå 1. april, vil vi kome tilbake til seinare. Det vi veit, er at det vert færre ruter og truleg dyrare reiser, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien i Widerøes Flyveselskap.

Kommersielt

Det var i byrjinga av mai at Samferdselsdepartementet avgjorde at ruta Hovden–Oslo skulle kommersialiserast, og takast ut av opplegget for statleg kjøpt av flysete. Det vil seie at det er tilbod og etterspørsel åleine som vil avgjere kor ofte det vert avgangar, og kva prisane vil verte.

– Det opplegget vi vil ha på ruta Hovden – Oslo vil henge saman med kva vi har av kapasitet for resten av Vestlandet. Det vil seie at vi ikkje reknar på Hovden – Oslo før vi veit kva tilslag vi får på vestlandsrutene elles, seier Kongsteien.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen avviser overfor Møre-Nytt at det er aktuelt å gjere om på avgjerda om kommersialisering.

Samferdselsdepartementet har sett 7. juli som frist for innlevering av tilbod på den delen av kortbanenettet som vert støtta av statlege flykjøp. Der er Hovden – Bergen med.

Departementet har opna for forskjellige modellar, og Widerøe reknar no både på ein samla pakke og meir separate opplegg.

– For Hovden – Bergen gjeld det at dess meir vi får av vestlandsruter, dess betre vert truleg  opplegget for Bergen – Hovden, seier Kongsteien. Det gjeld også direkteruter.

Politisk

Det vert arbeidd politisk for å hindre at Hovden – Oslo vert kommersialisert. Både politikarar og næringsliv lokalt fryktar eit dårlegare opplegg for Hovden – Oslo etter 1. april 2016.

Widerøe har registrert dette, men held seg til dei vedtaka som gjeld frå Samferdselsdepartementet si side.

– Det er for seint å endre noko for den tilbodsprosessen vi er inne i no. Men samstundes er det slik at Samferdselsdepartementet står fritt til å endre på gjeldande vedtak viss det skulle vise seg at tilbodet Hovden-Oslo vert får dårleg. Då kan departementet lyse ut eit separat tilbod for denne strekninga, og det får vi eventuelt kome tilbake til, seier Kongsteien.

Han kan ikkje seie når Widerøe har eit opplegg for Hovden-Oslo klart, men det kan ta nokre veker etter at departementet har klar si tildeling av konsesjonar for dei rutene som no er med i tilbodstevlinga.