– Flyruta mellom Ørsta og Volda har i dag svært godt belegg. Dei står på eigne bein. Då ville det rett og slett vore brot med kriteria for statsstøtte å framleis subsidiere ruta, seier samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen til Møre-Nytt.

Tidlegare i vår avgjorde han at flyruta mellom Ørsta-Volda lufthamn og Oslo mistar statsstøtta frå 1. april 2016. Det er ikkje aktuelt å gjere om på denne avgjerda, er den klare meldinga frå ministeren. – Nei, vi subsidierer ikkje ting som kan stå på eigne bein. Det ville vore heilt meiningslaus bruk av skattebetalarane sine pengar. Folk må hugse at dette er ikkje pengar vi har drege ut frå inkje, det er pengar skattebetalarane har betalt inn. Då er det vår oppgåve å bruke dei på ein best mogleg måte, seier han.

Overnatta i Ørsta

Solvik-Olsen køyrer denne veka heile E39 frå Trondheim til Kristiansand. Natt til onsdag overnatta han på Hotell Ivar Aasen i Ørsta. Møre-Nytt møtte han før avreise sørover onsdag morgon.

Det er suksessen Hovden har hatt i åra etter opninga av Eiksundsambandet og Kvivsvegen som er årsaka til at statsstøtta på Oslo-ruta no blir fjerna. – Hovden har hatt ein eventyrleg vekst. Vi snakkar i dag om passasjertal over 100.000 i året, og utsiktene framover tyder på vidare vekst. Flyrutene vi kjøper gjennom anbodssystemet, har gjerne 10-, 20-, eller 30.000 passasjerar. Flyplassen har vorte ein så stor suksess at subsidiane ikkje er nødvendige lenger, seier Olsen.

– Tida vil vise

Ein av fordelane med å fjerne statsstøtta, er ifølgje Solvik-Olsen at det opnar for fri konkurranse på ruta.

Fleire har stilt spørsmål ved kor vidt ting ligg til rette for reell konkurranse på Hovden, all den tid topografien, dei vanskelege vêrforholda og den korte rullebana fører til spesielle krav både for fly og pilotar. – Er det andre enn Widerøe som kan operere denne ruta? – Det vil tida vise. Widerøe vil kunne gi det tilbodet dei ønskjer. Dei treng ikkje lenger ta omsyn til staten sine avgrensingar, verken oppover eller nedover. Eg er sikker på at trafikkveksten vil halde fram, og det er ingen grunn til at staten skal gå inn og regulere dette, seier ministeren.

Sterke reaksjonar

Fleire har reagert på avgjerda til ministeren. Ordførarane på Søre Sunnmøre og i indre Nordfjord, dei fleste av dei Høgre-ordførarar, har alle signert eit brev der dei krev at ministeren gjer om på avgjerda. Næringslivsrepresentantar frå heile regionen har sendt eit tilsvarande brev til departementet. Men Solvik-Olsen firer ikkje ein tomme.

– Eg forstår at alle har lyst på gratis pengar frå staten. Men det betyr ikkje at eg skal bruke skattebetalarane sine pengar på noko som står på eigne bein. Då er det andre oppgåver i samfunnet som er viktigare, til dømes å bygge nye vegar. Det trur eg også befolkninga her i regionen vil setje pris på.

– Widerøe tener godt

Widerøe har på si side varsla at dei ikkje kan halde oppe dagens rutefrekvens utan statsstøtta. Det blir færre avgangar og billettane blir truleg også dyrare, seier kommunikasjonsdirektør Richard Kongsteien til Møre-Nytt.

– Tida vil vise kva som skjer med ruta. Widerøe tener godt med pengar i dag. Eg kan skjønne at dei ønskjer å framstille det som at dei må ha endå meir statlege pengar for å flyge rutene. Ingen seier nei til gratis pengar. Men all ekstern forsking, mellom anna frå Møreforsking, seier at dette står fint på eigne bein. Då vil eg heller bruke meir pengar på veg enn på subsidiering av flyruter som klarer seg utan.

<strong>I Ørsta:</strong> Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen overnatta i Ørsta etter første etappe på E39 tysdag. Onsdag gjekk turen vidare til Haugesund. I dag er det tid for siste etappe til Kristiansand. ?foto: Joachim Kroken Åsebø
<strong>Trur på framleis vekst:</strong> – Eg er sikker på at veksten på Hovden held fram, også utan statsstøtte, seier Ketil Solvik-Olsen. Foto: Joachim Kroken Åsebø
<strong>Kritiske:</strong> Ordførarane i Arild Iversen (Volda) og Rune Hovde (Ørsta) er kritiske til avgjerda.