Klar beskjed frå elev Simen André Tødenes inne på verkstaden ved Ørsta vidaregåande skule, då førstekandidat for KrF i Møre og Romsdal, Steinar Reiten, besøkte skulen måndag. Det er ikkje første gong Reiten har vore i Ørsta og sjekka tilstanden ved skulen. Han er svært klar over at vedlikehaldsbehovet er stort, og at det er tronge kår for dei litt over 300 elevane ved skulen, og dei tilsette. Difor gler han seg stort over at fylkespolitikarane no er i ferd med å gå for nybygg i Ørsta.

– Saman med Senterpartiet er dette noko vi i KrF har jobba mykje med. Ørsta og området rundt er ikkje tente med å ha ein skule i så dårleg stand. Det er eit paradoks at skulen utdannar elevar i eit område som genererer store verdiar til samfunnet, mellom anna gjennom verftsnæringa, og så kjem dei frå ein skule som så vidt heng saman.

Ein rapport frå Multiconsult har gitt tilstandsgrad 3 på fleire av bygga ved skulen. Det vil seie at det er nummeret før kondemnering. Det kostar å flikke på skadane, så mykje at eit nybygg truleg vil lønne seg i lengda.

Glade

Og nybygg er etterlengta. Mykje også fordi det er krevjande å drive skule i fire ulike bygg. Dei tilsette gler seg med Reiten.

– Vi er svært glade for at det no ser ut til at vi kan få ny skule. Vi har ikkje rom for å samle alle tilsette, og må ofte leige ved kulturhuset. Ei samlokalisering ser vi på som svært positivt, seier avdelingsleiar for administrasjon og drift, Einar Lund. Han viste delegasjonen frå KrF rundt på skulen.

I fjor vedtok fylkestinget å gi vedlikehaldsmidlar til skulen, men no er dei i ferd med å snu, og vil prioritere nybygg på 4. plass, dersom tilrådinga går gjennom. Utdanningsutvalet sa nyleg ja. Saka skal om i fylkesutvalet komande veke, før fylkestinget skal seie sitt i juni.

– KrF og Sp var klare på at det var behov for nybygg allereie i fjor. No føler vi at vi har fått gjennomslag. Skulen har eit elevgrunnlag på linje med Kristiansund. De fortener ein skikkeleg skule, seier Reiten.

Han seier at der likevel er eit atterhald. Det gjeld økonomien. Det kostar 300 millionar kroner å bygge ein ny vidaregåande skule i Ørsta, på nabotomta til kulturhuset.

– Ørsta er fjerdeprioritet, og det er tenkt oppstart med planane til neste år. Men alt heng saman med fylkesøkonomien. Der må vere pengar før arbeidet kan starte.

– Vi heiser ikkje flagget før maskinene er på plass, helsar lærar Johan Bertel Vartdal, i det han passerer KrF-delegasjonen i korridorane.

Demotiverande

– Eit nedslite bygg kan verke demotiverande for læring og også for å lære vekk. Reparasjonar er bortkasta pengar, seier Reiten.

Paul Kristian Hovden frå Ørsta KrF rosar innsatsen som vert lagt ned ved Ørsta vidaregåande skule.

– Her er gode søkjartal og stor trivsel. Elevane likar seg her, det er mitt inntrykk, og det til trass for at arbeidsforholda ikkje er så gode. Så noko rett gjer dei som jobbar her, og det vil eg gi honnør for, seier han.

Trongt: Simen André Tødenes er elev ved Ørsta vidaregåande skule. Han slo av ein prat med stortingskandidat Steinar Reiten inne på verkstadhallen på skulen. – Vi treng meir plass, sa han. Foto: Janne-Marit Myklebust