Seksjonsleiar for institusjon og rehabilitering, Inger Liadal, dagleg leiar for Legesenteret AS, Trude Tonning, seksjonsleiar for helse og velferd, Knut Åmås, og kommunelege Arne Gotteberg har saman med faginstansar og andre vore sterkt involvert i å utvikle dei planane som no ligg føre om eit fellesbygg for legesenter og legevakt, og 20 omsorgsbustader fordelt på to etasjar.

Liadal, Tonning, Åmås og Gotteberg synest planane inneber god og tenleg arealutnytting, og ei utforming som tilfredsstiller alle ønske for brukarane – og at det i planane også er lagt til rette for å samlokalisere andre helsetenester i eit framtidsretta helsesenter på Bakk-Ola-marka.

Bestilling

– Vi har no levert eit prosjekt etter bestilling frå kommunestyret der det har vore arbeidd godt i seksjonane i kommunen for dei beste løysingane for omsorgsbustader. No ventar eg at kommunestyret gjer vedtak om løyving av midlar slik at vi kan søkje Husbanken om tilskot, seier Inger Liadal.

Trude Tonning syner ein perm frå 2005 med dokument som gjeld nytt legesenter. Saka har altså teke si tid. Også ho ventar at det no vert gjort vedtak slik at ei utbygging kan gjennomførast snarast.

– No er ringen slutta i denne saka. Vi, legane og andre tilsette på legesenteret, er godt nøgde med at legesenteret er planlagt som del av ein totalplan for helsetenestene i Ørsta, og at det kan kome ei samlokalisering som vil tene alle. Arkitekten som har jobba fram planane har vore flink til å imøtekome behova våre, synest Tonning.

Kreativ prosess

Ho fortel om ein kreativ og konstruktiv prosess der personalet i Legesenteret AS har vore involvert for dei beste løysingane gjennom konstruktive framlegg.

– Dei veit kva som trengst og dei kjenner flaskehalsane, seier Tonning som ser fram til nye lokalitetar.

– Vi har lenge venta på betre arbeidsforhold. Slitasjen er merkbar på fleire område, seier Tonning som er ein av tretten legar på legesenteret i tillegg til ein turnuslege.

Kommunelege Arne Gotteberg minner om at utbygginga av nytt fellesbygg handlar om meir enn eit nybygg for legesenter.

– Saka handlar også om m.a. å leggje til rette for ei god legevaktordning, noko som er eit kommunalt ansvar. No ligg det også til rette for å ivareta ei integrert løysing for andre helsetenester for framtida, eit framtidas helsehus, eit kraftsenter for helse, med samhandling mellom ulike tenester i samsvar med nasjonale mål, seier Gotteberg.

Slik planane no står fram samsvar dei med intensjonane i den nye Stortingsmeldinga om ”Framtidas primærhelseteneste” der ein skal leggje til rette for nær og god tverrfagleg samhandling og at fleire av framtida sine helseutfordringar best kan løysast gjennom tverrfaglege primærhelseteam.

– Fastlegeordninga må vere ein best mogleg integrert og funksjonell del av den samla kommunale helsetenesta. Det er difor viktig å byggje gode, effektive og nære relasjonar mellom kommunalt tilsett personell og næringsdrivande fastlegar. Av denne grunn har Helsedirektoratet løyvd 450. 000 kroner til å planlegge samlokaliserte helsetenester og vidareutvikling av det nye og framtidsretta helsesenteret som vi no kan få realisert, fortel Gotteberg nøgd.