Prosjektet handlar om eit fellesbygg for legesenter og legevakt, og 20 omsorgsbustader som i seg sjølv vert eit stort løft. Dette, inkludert parkeringsbygg, er kostnadsrekna til 108,7 millionar inkludert moms og 10 prosent reserve.Omsorgsbustadane har ein prislapp på 69,9 mill, legevakta kostar 9,9 mill og legesenteret 28,8 mill.

Forventa totale prosjektkostnadar for Ørsta kommune etter frådrag av investeringstilskot og momskompensasjon er 66 millionar.

– Dersom prosjektet får politisk medhald i kommunestyret 10 desember, og det vert løyvd nødvendig finansiering, kan bygginga starte hausten 2016, fortel rådmannen. Byggetida blir frå byggestart stipulert til ca. 1,5 år.

Utarbeidd

Det er AG Plan og Arkitektur som har utarbeidd forprosjektet som altså handlar om å utarbeide prosjekt for omsorgsbustadar og lokale for utleige til legetenester på Bakk-Ola-marka. Prosjektet har under arbeidet fått nemninga Fellesbygget med tilkomst frå Dalevegen slik som dagens legesenter. Dei 20 omsorgsbustadane vert fordelt på to etasjar. Prosjektgruppa for utbygginga er sett saman av Arne Gotteberg og Knut Åmås for legesenteret, Inger Liadal for omsorgsbustadane og Karen Høydal for Råd for likestilling av funksjonshemma som brukarrepresentant. Inger Liadal gjer det klart at behovet for fleire omsorgsbustader i Ørsta er stort.

– Behovet for bustadar med heildøgns omsorg er framleis stort då talet på langtidsplassar i sjukeheim er redusert. Bufellesskapa som er oppretta på Vartdal og Hjørundfjordheimen har ikkje meir kapasitet, seier Liadal.

Ho meiner det difor vil vere behov for ytterlegare bustadar tilrettelagt for personar med behov for heildøgns omsorg og pleie.

– Ei løysing med fleire samlokaliserte bueiningar i tilknyting til Bakk-Ola-marka gjer at ein kan nytte ressursane meir effektivt ved redusert reisetid mellom brukarane. Det gir og auka fleksibilitet i personalressursane i heimebasert omsorg med samdrift med eksisterande bustader med heildøgns omsorg på Bakk-Ola–marka. Ein vil i eit slikt fellesskap kunne tilby trygge rammer og rett omsorgsnivå til denne gruppa, seier Inger Liadal.

Behovet for nytt legesenter er veldokumentert. Legetenesta i Ørsta har i dag lokale med klare manglar som har vore kjende i mange år. Det gjeld både talet på legekontor og ikkje minst behovet for fleire skiftestover og den bygningsmessige standarden.I tillegg er det gjort vedtak om samlokalisering av alle legane i kommunen (desember 2012).

Innspel

Prosjektgruppa har i utviklingsprosessen av det nye fellesbygget fått mange innspel frå noverande og aktuelle tenester i det gamle helsesenteret. Dette gjeld helsestasjon, jordmorteneste, fysio-, ergoterapi, frisklivssentral og ønsketom å lokalisere kontor for dei heimebaserte tenestene, hjelpemiddellager og dagsenter. Det er stilt spørsmål ved om nokre av desse funksjonane kan etablerast i underetasjen på det nye Fellesbygget. Det er ikkje avgjort.