Måndag vart Riksvegutgreiinga lagt fram. Rapporten er utarbeidd av Vegdirektoratet, og inneheld mellom anna kostnadsoverslag for strekningane på ein framtidig, ferjefri E39.

I overslaget reknar direktoratet med at E39 frå Volda til Ålesund via Hafast vil koste 64 milliardar kroner. Strekninga Hareid-Sulesund åleine vil koste 38 milliardar kroner.

Eiksundsambandet oppfyller ikkje krava til europavegstandard i dag, og Vegdirektoratet reknar med at tunnelen på erstattast på sikt. Dei har difor lagt inn kryssing av Ørstafjorden og Vartdalsfjorden i utrekninga for strekninga Furene-Hareid.

Regjeringa har som kjent avgjort at ein ferjefri E39 skal gå via Hareidlandet (Hafast) i staden for via Festøya (Fefast).

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal reagerer på rapporten, og onsdag spurte Bjørdal samferdsleminister Ketil Solvik Olsen (Frp) om han vil opne for ein omkamp om E39-traseen:

– Vil statsråden utgreie og vurdere andre traséalternativ, eller skal Hafast byggjast uansett pris?

Det skriftlege svaret frå statsråden kjem innan seks dagar.

Voldatunnelen, mellom Volda og Furene, er også med i kostnadsutrekningane. Vegdirektoratet reknar med at den vil koste 800 millionar kroner.

Stortingsrepresentant Fredric Holen Bjørdal (Ap).