Det melder VG.

Ny E39 gjennom indre Nordfjord er ikkje like lønsamt. Her utløyser vegen berre næringsaktivitet for 187 millionar kroner i året.

– Effekten er sterkast der det er byar, og store jobbmarknadar blir knytte saman. Derfor er ikkje lønsamt å ta ei slik investering i Sogn og Fjordane, seier professor Torgeir Reve ved Handelshøgskulen BI til VG.

Første gong

Han har på oppdrag frå Statens vegvesen rekna ut dei næringsøkonomiske konsekvesane av dei sju store vegprosjekta som skal gi ferjefri E39 mellom Kristiansand og Trondheim.

Ifølgje VG er dette første gang det er gjort ei brei næringsøkonomisk analyse av verdiane store, planlagde vegutbyggingar vil gi.

Stavanger-Haugesund mest lønsam

Den mest lønsame investeringa av dei sju, er tunnel under Boknafjorden, mellom Haugesund og Stavanger.

Heller ikkje den andre planlagde veginvesteringa i Sogn og Fjordane, kryssing av Sognefjorden, er lønsam, ifølgje utrekningane.

Ifølgje utrekningane til Reve, vil det ta 2,7 år å betale ned Hafast, 11,2 år å betale ned Møreaksen (Moldefjorden), 24 år å betale ned Nordfjord-vegen og 50 år å betale ned Sognefjord-kryssinga.