Medan kvar innbyggjar i Volda og Ørsta i 2014 sorterte ut ni kilo glas- og metallemballasje, viser statistikken for 2015 at talet har kome opp i 10,8 kilo per innbyggjar. Det skriv Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) i ei pressemelding.

Det er Norsk Glassgjenvinning og Norsk Metallgjenvinning som fører statistikk over innsamla glas og metall i Noreg. Dagleg leiar i Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Petter Bjørdal, er svært nøgd med utviklinga, og seier at ekstra fokus på innsamling og gjenvinning av glas- og metallemballasje sidan april 2015, då representantskapet i VØR vedtok å setje i verk ei prøveordning med slik innsamling, har gitt gode resultat.

Han reknar med at etter kvart som stadig fleire tek del i prøveordninga med glas- og metallinnsamling, vil innsamla volum auke i løpet av året som vi så vidt har teke til på.Til no har ein tredjedel av abonnentane meldt seg på ordninga. VØR får kvar veke nye påmeldingar, og i løpet av året vil ganske sikkert endå fleire av abonnentane vere omfatta av ordninga. Glas- og metallinnsamling vil verte ei obligatorisk ordning frå og med 2017.