- Vi protesterer mot eit redusert hentetilbod frå Volda og Ørsta reinhaldsverk. Dei har halvert hentefrekvensen med krav om same pris for tenesta, skriv initiativtakar Lars Inge Bjørneset i oppropet.

Den nye ordninga med avfallshenting kvar 14. dag i Ørsta og Volda vart sett i verk frå nyttår. No vert oppropet til Bjørneset delt i høgt tempo på sosiale medium. Fleire hundre har allereie signert, etter at oppropet vart lagt ut onsdag ettermiddag.

- Bosdunken min er sprengfull i dag, og det er åtte dagar til henting. Dette vert kjekt om det kjem varme til våren og sommaren. Kjekt for fuglar og andre dyr, er ein av kommentarane frå ein av dei som har singert oppropet.

Bjørneset skriv vidare at:

"Vi meiner det ikkje er rett at ein levrandør av ei teneste tek seg til rette slik, berre fordi ein er einrådande på marknaden. Bedrifta tener i utgangspunktet pengar på at vi gjer arbeidet heime og burde i større grad involvert kundane sine før ei omlegging vart sett i verk. Mottoet deira: VØR-Sortert avfall gir verdi, vert ein hån mot forbrukaren i så måte."