– VØR, kommunane og sentrale styresmakter ønskjer å stimulere til meir sortering og gjenvinning, og redusere restavfallet, seier Petter Bjørdal, dagleg leiar i Volda Ørsta Reinhaldsverk (VØR).

Frå nyttår er det slutt på at restavfallsdunken blir tømt kvar veke. Då kjem renovasjonsbilen berre kvar fjortande dag. Volda og Ørsta er i dag eit av få område der restavfallet framleis blir henta kvar veke.

– På Ytre Søre Sunnmøre har det vore henting kvar andre veke i fleire år, utan store problem. I Nordfjord er det henting av matavfall kvar fjortande dag og restavfall ein gong i månaden, seier Petter Sandvik, kommunikasjonsansvarleg i VØR.

Budde på reaksjonar

VØR er likevel budde på reaksjonar når dei endrar henterutinane.

– Dette er ei stor omlegging, og alle slike endringar er krevjande. Det er vanskeleg å seie på førehand korleis folk reagerer, men vi prøver å gi så god informasjon som mogleg på førehand, seier Petter Bjørdal. Det blir slutt på dei gule klistrelappane inne i dunken som viser kva dag dunken blir tømt. I staden skal folk få informasjon tre forskjellige stader: For det første blir det i desse dagar sendt ut ein kalender som viser tømmedatoen for alle husstandane i Ørsta og Volda. For det andre vil folk få høve til å laste ned ein app til smarttelefonen sin som varslar om at bôsbilen kjem. For det tredje er det mogleg å sjekke tømmedatoen på den nye nettstaden til VØR.

– Appen er ikkje heilt klar enno, men på nyåret er det berre å gå inn og laste han ned. Det er viktig at folk sjekkar kalenderen, for det er ein del som får nye hentedagar med den nye ordningar, seier VØR-sjefen. Han trur det blir mindre restavfall i dunkane i åra som kjem. – No er vi allereie i ferd med å innføre ein eigen dunk for glas og metall, og frå 2017 satsar vi på å få i gang ei prøveordning med sortering av matavfall. Det blir meir og meir sortering og gjenvinning, og eg trur folk forstår at det er slik vi må gjere det i framtida.

Ein av dei rimelegaste

Med sjeldnare henting er det viktig at søppelet er i lukka posar når det blir lagt i dunken.

– Då blir det mykje mindre lukt i dunken. Det er nok mange som syndar på dette området i dag, seier Petter Bjørdal. VØR har i dag eitt av dei lågaste renovasjonsgebyra i landet. Slik håper Bjørdal at det framleis skal vere.

– Men det er ikkje berre opp til oss. Om folk er flinke til å sortere og levere rett, kan vi også halde gebyra nede.

Men det blir ikkje lågare gebyr med færre hentedagar.

– Eg forstår at mange spør om det. Men det er faktisk slik at hentinga av avfallet berre utgjer ein liten del av drifta til VØR. Vi har mange andre utgifter som blir finansierte gjennom renovasjonsgebyret. Miljøstasjonen i Hovdebygda kostar til dømes mykje å drive, men det er eit så godt tilbod til folk at eg meiner han er verdt det, seier Petter Bjørdal.