Innbyggjarane i Volda og Ørsta må sortere meir av avfallet i åra som kjem. Årsaka til dette er strengare krav frå EU og nasjonale styresmakter, og for at VØR framleis skal kunne halde gebyra for renovasjonstenester låge.

Som det første avfallsselskapet på Sunnmøre vert det innført frivillig innsamling av glas- og metallemballasje. VØR legg opp til at innsamlinga skal vere obligatorisk frå og med 2017, men frivillig i 2016 og utan gebyrauke.

– Gjennom heimesida vår eller via SMS kan brukarane våre bestille tenesta. Det vert då leverte ut eigne dunkar, med gule lokk og større hjul, og renovasjonsbilen vil hente glas- og metallemballasje kvar 10. veke, seier dagleg leiar Petter Bjørdal.

Innsamling av glas- og metallemballasje vert rulla ut i tre omgangar. Fristen for å melde seg på til første runde er fredag 16. oktober, og utleveringa av dei nye dunkane vil skje frå fristen og fram mot jul. Det vert ei ny runde med utlevering i mars neste år, og ei runde tidleg om hausten komande år. Returpunkta for glas- og metallemballasje i Volda og Ørsta vil også forsvinne.

– I tillegg til dette vil dei som ønsker seg større dunkar til papp og plast få dette gratis. Då vil du gå frå 140 liter til 240 liter. Innsamlinga av papp, papir og plast vil framleis skje kvar tredje veke, som i dag. Henting av restavfall kvar fjortande dag vil starte frå 1. 1. 2016.

Matavfall

VØR vil også starte ei prøveordning med innsamling av matavfall i 2017. Her legg dei også opp til ei frivillig ordning det første året, og vil prøve å gjere ordninga obligatorisk frå og med 2018.

VØR sine abonnentar må sortere meir i åra som kjem, og det må sorterast betre enn i dag. I dag opplever VØR at fraksjonar som burde ha vore sortert ut, hamnar i restavfallet.

– Vi kjem no med tre tiltak som vonleg gjer at vi aukar frå 42 prosent materialgjenvinning i dag, til 47–48 prosent materialgjenvinning. Vonleg har vi kome opp i 50 prosent før vi får inn matavfallet. No vert det spennande å sjå pågangen for glas- og metallemballasje. Miljø er i vinden, og vi vonar at vi er i trend med samfunnsutviklinga.