Det sleit godt i fiskestonga då storfisken beit på, men 12 kilo laks var ei overkomeleg oppgåve for den vande fiskaren. I 30 år har han stått trufast i Bondalselva under laksesesongen, og fredag fekk han løn for strevet, og vel så det.

– Det var sjølvsagt svært tung. Og i ulendt terreng og mykje skog rundt meg var det litt med livet som innsats eg sprang nedover elvebreidda, men eg fekk han til slutt. Han vart slakkare og slakkare, og på slutten var det ikkje så gale. Han var nok sliten. Meir sliten enn meg, vurderer Fred.

Godt fiske

Han fortel om gode dagar frå sin faste plass på Hjørundfjord camping på Sæbø. Her er han så ofte han har høve til det, heile somrar og i feriane elles Og når han ikkje fiskar, er det gjerne fjella som lokkar. Førre veke var han mellom anna ein tur på Saudehornet.

–Det er dei som var uroa for at eg var meir i elva enn i fjella, men eg har tid til begge deler, humrar den spreke 70 åringen.

For det er greitt å vere i god form når storlaksen bit på. Han har fått fullt utbyte denne sesongen.

– Fisket i år er atskilleg betre enn på mange, mange år. Eg har fått mykje fisk, så det har vore veldig svært. Eg trur eg har fått rundt 20 på kroken, fortel han.

Hans personlege lakserekord frå tidlegare er på ni kilo, så 12 kilo laks var både uventa og spennande å dra i land.

– Eg fekk til slutt tak i gjellene på han og drog han på land. Til saman brukte eg rundt 20 minutt.

Frysaren full

Laksesesongen varer til 15. august i Bondalselva, og Fred har til gode å høyre om at der er andre som har fått større enn hann hittil, sjølv om der har vore landa mykje stor fisk denne sesongen

Fred, som kjem frå Spjelkavika, har no frysaren full og vel så det.

– Eg er kanskje gladare i å fiske laks enn å ete han, humrar han.

– Men vi får sjå. Eg røyker gjerne laksen, men ein så stor laks er så grov, at det truleg er betre å lage han til på anna vis.