I førre veke snakka Møre-Nytt med fiskarar i elvane i kommunen, og det vart alle stadar melde om godt laksefiske og bra vassføring.

Men det gode fisket går ikkje mot enden. I Bondalselva og Ørstaelva har fisket den siste veka berre vorte betre og betre, og over all forventing.

På Sæbø

Ved Bondalselva på Sæbø kan Bjørn Urkegjerde fortelje at det i siste veke har vorte fanga mellom 20 og 30 fisk kvar einaste dag, og samanlagt er det fiska vel 220 fisk.

Då Møre-Nytt tok turen til Bondalselva tysdag 30 juni var 90 fisk fanga, noko som betyr at det siste veka har vorte fanga rundt 130 fisk.

– Og fisken er stor og feit. Det er fanga mange laks på rundt 7 kg. I tillegg har det vorte fanga to laks på over 10 kg og ein på 9 kg. Det gode fisket har vore fordelt bra utover heile elva, opplyser Urkegjerde.

– Pågangen i elva vert berre større og større. Flugesone 1, som er første sona frå sjøen og opp elva, er fullteikna. Held dette gode laksefisket ved lag, er det rekna fram til at rundt 2000 kg fisk vil vere fanga ved enda fiskesesong. Urkegjerde trur grunnen til det gode fisket er ein kombinasjon av god vasstand, men også lite lakselus, til kontrast frå i fjor. Han har høyrt at det har vore få laks som har rømt frå oppdrettsanlegga i nærleiken, noko han sjølv også har lagt merke til i sine eigne garn.

– Det ser positivt ut for elva framover, seier han.

I Ørsta

Også i Ørstaelva har fisket vore imponerande. Elveeigar Sindre Moe kan opplyse om at det til no har vorte fanga over 250 fisk, som er langt over det dei fanga gjennom heile fiskesesongen i fjor.

– Den største fisken ligg på 10,5 kg. Og elles er fisken stor og god. Det kjem inn ny fisk i elva heile tida. Det har vorte fiska svært mykje myllalaks, som vil seie laks på 3–7 kg, forklarar Moe.

– Siste tida har det vore mykje folk i elva, og mange er tilreisande. Men vi har plass til fleire.

– Kva trur du er grunnen til det gode laksefisket i år?

– Det er veldig vanskeleg å seie kvifor. Men det er sjølvsagt bra at elva er så stor og fin som den er, og har god vassføring. Og så har kultiveringa i elva vore god.