Dei endelege tala er ikkje klare enno, men lufthamsjef Sverre Bae røper at lufthamna truleg hamnar mellom 112.000 og 113.000 passasjerar i 2015. I 2014 flaug 122.000 til og frå flyplassen.

– Eg har ikkje trua på at noko veks inn i himmelen. No ser vi ein nedgang på rundt sju prosent. Det er ikkje veldig dramatisk, og nedgangen er venta. Vi er i hovudsak ei lufthamn for næringslivet, og følgjeleg går trafikken opp og ned med dei økonomiske konjunkturane, seier Bae til Møre-Nytt.

Det var særleg i fjor haust trafikktala svikta på Hovden, opplyser lufthamnsjefen.

Trafikken ved Ørsta-Volda lufthamn har vakse kraftig dei siste åra, frå om lag 50.000 passasjerar i 2007 til over 120.000 i 2014.

– Samanlikna med dette, er ikkje nedgangen i fjor dramatisk. No håper vi at trafikktala stabiliserer seg rundt det nivået vi ligg på i dag.

Kutt frå 1. april

Det har storma rundt flytilbodet på Hovden det siste året. I vår kunngjorde samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen at staten fjernar subsidiane til flyruta mellom Hovden og Oslo. I tillegg vart det vedteke ei ny flyseteavgift i statsbudsjettet. Denne gjer flybilletten 86 kroner dyrare kvar veg.

Begge forslaga er møtt med skepsis både hos lokale politikarar og hos flyselskapa.

Widerøe har allereie annonsert at kutt i enkelte avgangar frå Hovden som følgje av at subsidiane blir fjerna frå 1. april. I tillegg har flyselskapet trua med at ruter med små marginar kan miste avgangar som følgje av den nye flyseteavgifta.

– Vi er spente på om desse tinga får konsekvensar for trafikken på Hovden. Eg håper sjølvsagt at dett ikkje fører til ytterlegare nedgang i trafikken, seier Bae. Han presiserer at flytilbodet mellom Hovden og Oslo blir godt også etter den varsla reduksjonen.

– Det blir framleis gode moglegheiter til å kome seg til Oslo. I tillegg er vi godt nøgde med at det framleis blir to fly som har nattstopp på Hovden. Det er viktig for trafikkregulariteten om morgonen. Flya som står her om natta, treng ikkje lande i morgonskodda.

Oppgraderingar

Dei siste åra har Avinor teke grep for å gjere Ørsta-Volda lufthamn rusta for framtida. Tårnet er pussa opp, flyplassen har fått eigen innkomsthall og no er oppgraderinga av avgangshallen i ferd med å bli fullført.

– I avgangshallen har vi fått nytt inngangsparti og skifta ut det elektriske anlegget, IT-systema og ventilasjonen. I tillegg får Widerøe eige dom til mannskapa og Securitas får nytt kontor, seier Bae.

Likevel er det nok dei nye møblane i inngangspartiet dei fleste legg merke til.

– Med dei nye stolane utnyttar vi plassen betre, og venterommet blir meir romsleg. Eigentleg hadde vi planar om å flytte eit toalett for å gjere venteområdet større, men det var det ikkje pengar til i denne omgangen, forklarer lufthamnsjefen.

Kortare flytur

I tillegg er det gjennomført tiltak på tryggleikssida av flyplassdrifta. Det er mellom anna rydda skog rundt lufthamna for å stette krava frå Luftfartstilsynet.

– Vi har også fått fornya det som heiter teknisk operativ godkjenning frå Luftfartstilsynet. Dei fann ingen store avvik i drifta vår, så vi har ting på stell, seier Bae.

I løpet av våren kjem det på plass eit nytt, GPS-basert innflygingssystem på lufthamna. Det kjem i tillegg til dagens radiopeilar i Voldsfjorden. Med det nye systemet vil flya kome inn over Åmdalen, og svinge inn mot rullebanen over Ørsta sentrum. Nyvinninga betrar både tryggleiken og effektiviteten ved lufthamna, ifølgje lufthamnsjefen.

– Dette blir ein snarveg for flya, i og med at dei slepp å ta runden ut mot Ulsteinvik og inn Voldsfjorden. Widerøe meiner flyturen frå Oslo kan bli ti-tolv minutt kortare, seier Sverre Bae.

<strong>Ny inngang:</strong> Lufthamna har fått nytt inngangsparti med skikkeleg vindfang.