– Hovuddelen no er på det tekniske anlegget. Vi skal betre ventilasjonsanlegget og oppgradere elanlegget. Då blir lufta og temperaturen betre og hallen blir lysare og trivelegare. I tillegg installerer vi varmepumper, så vi har også eit mål om å spare energi, seier prosjektleiar Asle Eriksen i Avinor til Møre-Nytt.

I tillegg får lufthamna nytt inngangsparti med vindfang (sjå bildet), som skal utnytte plassen betre og redusere vindtrekken inne. Lokale entreprenørar har vunne alle kontraktane i prosjektet, og Eriksen fortel om eit svært godt samarbeid med desse.

– Hovudentreprenørane er Plato i Furene og Dalsfjord Bygg i Volda. I tillegg er Tussa Installasjon, Målar-Olav, Brændes Rørleggerforretning og Sandal Steinsenter underentreprenørar. Vi har jobba med lokale entreprenørar på dei tidlegare prosjekta på lufthamna også, med godt resultat.

Allereie i gang

Dette er fase to i oppgraderinga av lufthamna. I fjor haust vart den nye innkomsthallen opna, medan rehabiliteringa av tårnet var ferdig i vår. Arbeidet i fase to er allereie i gang, og allereie no kan folk sjå konturane av det nye inngangspartiet.

– Vi har fått tildelt sju millionar kroner, og dei prøver vi å få mest mogleg ut av. Det tekniske anlegget har førsteprioritet, og så ser vi kva andre oppgraderingar vi har pengar til.

Som ein konsekvens av at inngangen blir flytta, får også Securitas nye kontor. Flygarane til Widerøe får kontor der dagens inngang er.

Lufthamnsjef Sverre Bae håper at det skal vere att nokre kroner til nye møblar i avgangshallen.

– Møblane er temmeleg slitne. «Ser du kor her ser ut», sa eg til sjefen min sist ho var her.

Eit eventuelt møbelinnkjøp må ut på anbod, men Bae trur at 300.000 kroner skal vere nok til ei oppgradering.

Verre før det blir betre

Oppussingsarbeidet skal halde på fram til jul, og Avinor varslar at det nok kjem til å bli verre for passasjerane før det blir betre. Onsdag vart det hengt opp informasjonsplakatar på lufthamna.

– Folk vil dessverre oppleve ein del støy, mangelfull ventilasjon og kjøling, i tillegg til at det blir ståande ein del sikringsveggar og stillas inne i hallen, forklarer Eriksen.

Noko av det mest utfordrande blir når delar av taket skal hevast for å utvide eit kontor i 2. etasje og gjere plass til nytt ventilasjonsanlegg.

– Men vi skal gjere det så smidig som mogleg, lovar Bae.

<strong>Oppgraderer:</strong> Onsdag hengde Avinor opp plakatar med informasjon om byggearbeidet på Hovden. Frå venstre: Lufthamnsjef Sverre Bae, elektrorådgivar Kristoffer Amundsen og prosjektleiar Asle Eriksen.
Onsdag vart det haldt byggemøte i samband med oppstarten av prosjektet. Frå venstre: Karl Petter Lillefosse, Dalsfjord bygg AS, Knut Dalene, Plato AS, Ola Bratteberg Tussa installasjon AS, Olav Humberset, Kristoffer Amundsen og Asle Eriksen (alle Avinor).