I alle år har han stått der, utan at fjellfolket har brydd eg så mykje. No seglar Dalegubben nord for Sæbø opp på "Ti på topp-lista" i Hjørundfjorden.

Offisiell opning

Råsa til toppen er merka på nytt, og fredag var det offisiell nyopning av ruta.

Veret spelte ikkje på lag då, men søndag vart ein stordag. Godt over 50 personar gjekk til den 1344 meter høge toppen. Vegen opp Skondalen er langdryg,men utsikta frå toppen gir betalt for strevet.

Til topps

Svein Sæbønes og Kona Monica Storborg Sæbønes var mellom dei som var til topps. Sæbønes har vakse opp på Sæbøneset, men har ikkje vore på Dalegubben sidan ungdomen.

- Det er ein fin tur i eit flott terreng, seier Svein og Monica Sæbønes.

Raudmerke

Stien , som er bratt, er ikkje spesielt tilrettelagt, men den er merka med den klassiske DNT-raudfargen.

- Eg trur kanskje fleire av dei som kjem hadde venta seg litt betre merking. Det kan vere fort gjort å rote seg vekk opp under toppen, dersom veret er dårleg, meinte Svein Sæbønes.