Det sa administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO reiseliv då ho stod for den offisielle opninga av råsa til Dalegubben fredag føremiddag. Trimgruppa i Sæbø IL har teke initiativet til å gjere Dalegubben meir tilgjengeleg som turmål. Dei har arbeidd for å få på plass ei offisielle rute til toppen slik at turen skal bli meir kjend som toppturmål for tilreisande.

– No kjem folk frå heile verda fordi dei vil lære av oss. Dei vil finne ut kvifor nordmenn er så lykkelege og spreke. Årsaka er at vi går på tur frå vi er små til vi blir gamle.

Den tidlegare stortingsrepresentanten og generalsekretæren i Den Norske Turistforening rosar dugnadarbeidet som er gjort.

– Vi har mange flinke folk i Noreg i dugnadsgrupper som stiller opp utan å få betalt for det. Eg veit som sunnmøring sjølv at det ingen som er så flinke til å få ting fort gjort som sunnmøringar. Ein sunnmøring ser eit problem og løyser det med ein gong. Slik er det ikkje i alle delar av landet. Det har vore utruleg mykje klaging og syting på manglande toalett og parkering i Lofoten denne sommaren. Sjå kva som er gjort her og kva som er gjort på Urke. Der er det lagt til rette med betaling via mobilen for toalettbruk og parkering. Og dei som skal på tur tykkjer at det er kjekt å betale.

Ifølgje Krohn Devold har sommaren i Noreg vore svært god for reiselivet, og det har aldri vore fleire besøkande. Men ho understreka for dei frammøtte at det gjer det endå viktigare at dei brukar produktet sjølve.

– Her er ein fantastisk tursti fordi dei som allereie bur her brukar den, og fordi dei er spreke. Det er kunsten med å utvikle reiseliv framover. La dei besøkande få lov til å gjere det lokalbefolkninga gjer. La dei ete lokal mat og bruke fjorden og fjella. Så må vi minne dei om at dei er gjester, at dei må oppføre seg og følgje våre reglar, sa Krohn Devold.

Flankert av Bodil Skare og Gunnar Stokke klipte Krohn Devold snora for råsa til Dalegubben, og elevar frå Sæbø skule song Bondalssongen. Etter opninga la mellom femten og tjue turgåarar i veg mot Dalegubben.

Trimgruppa oppmodar folk til å bruke turistforeininga si Kom deg ut-dag søndag og gjerne legge turen til Dalegubben.

På tur: Knut Hustad, Gunnar Stokke, Bodil Skare og Kristin Krohn Devold saman med ti til femten andre turgåarar hadde Dalegubben som mål fredag. Foto: Joachim Åsebø