– Bedrifta vart bygd opp på innovasjonar, som til dømes Aurstad-tilhengaren. Den gjorde at ein 13–14 meter lang lastebil kunne snu inne i ein tunnel utan å rygge, og gav oss eit stort konkurransefordel. Vi satsar framleis på å ha nytt og oppdatert utstyr og bruke moderne teknologi. Til dømes har vi vore tidleg ute med å satse på geomatikk, seier dagleg leiar Per Kristian Langlo.

Mengdene som skal gravast ut, og kvar det blir grava blir rekna ut av geomatikkavdelinga. Informasjonen blir deretter sendt ut til maskinane, som då veit nøyaktig kvar dei skal grave.

– Tanken er at vi heile tida skal utvikle oss, seier Langlo.

Storkontrakt på E6

Aurstad har i dag rundt 200 tilsette, og omsette for nesten 600 millionar kroner i 2014. Dei siste åra har verksemda teke på seg stadig større vegprosjekt. Oppdraget som ein av to hovudentreprenørar på nye Europaveg 6 mellom Vinstra og Sjoa er det hittil desidert største oppdraget til bedrifta.

I vårt nærområde har Aurstad vore involvert i dei fleste store infrastrukturprosjekta dei siste åra: Eiksundsambandet, Kvivsvegen, Trafostasjonane i Sykkylven, Ørsta og Ålfoten og oppgradering av lufthamnene på Vigra, Hovden og Sandane.

Dei neste åra er det færre store infrastrukturprosjekt på gang frå det offentlege, og aktiviteten er følgjeleg venta å gå ned. Per Kristian Langlo er likevel klar på at det er ein sprek 30-åring som fyller år.

– Det vil eg absolutt seie. Vi er rusta for framtida.

Open dag

Jubileet blir feira med open dag på anlegget til K.A. Aurstad i Hovdebygda førstkomande laurdag.

– Vi inviterer alle ørstingar og voldingar som vil til å ta del i 30-årsfeiringa saman med oss. Det blir høve til å prøve å køyre gravemaskin (for dei som er gamle nok), vi skal demonstrere korleis vi snur ein lastebil med Aurstad-hengar og det blir utstilling av anleggsmaskinar og filmframsyning, for å nemne noko, seier Langlo.

Om kvelden same dag feirar K.A. Aurstad seg sjølv med fest på hotellet i Ulsteinvik.