K.A. Aurstad i Hovdebygda arbeider for fullt med å bygge ny E6 i Gudbrandsdalen. Saman med Implenia Norge er dei hovudentreprenør på den nye vegen mellom Sjoa og Vinstra.

– Arbeidsdelinga er ganske oversiktleg: Implenia har ansvaret for boring av tunnelane og bygging av bruer og betongkonstruksjonar, medan vi køyrer massen og legg dekket inne i tunnelane, i tillegg til at vi har all vegbygging ute i dagen, sa administrerande direktør Per Kristian Langlo i K. A. Aurstad til Møre-Nytt i februar.

Aurstad har rundt 100 tilsette i sving i prosjektet, som har ein samla verdi på om lag 1,6 milliardar kroner.

Joar Ødegård i Himmelhøgt har produsert ein film om prosjektet for entreprenøren. Dronefilmen viser skalaen i det gigantiske anleggsarbeidet som no går føre seg. Videoen ser du i vindauget over (publisert etter løyve frå K.A. Aurstad).