– Endringane i kommunane etter valet kan kanskje få innverknad på innhaldet og framdrifta i kommunereformarbeidet. Både Hornindal og Stryn kommunar har i styrevedtak ønske om å utgreie ei mogleg kommuneeining med Ørsta og Volda, skriv han.

Han seier at han er informert om at Ørsta og Volda ikkje prioriterer på same måte, men sidan det er endringar i den politiske leiinga, spør dei på nytt om dette kan vere av interesse.

Rådmann Rune Sjurgard i Volda svarar at dei har kommunestyrevedtak som går på at Volda ikkje aktivt tek kontakt med andre kommunar enn Ørsta, men at dei ikkje lukkar for at andre kommunar kan ta kontakt.

<strong>Rådmann:</strong> Rune Sjurgard høyrer gjerne frå andre kommunar om samanslåing.