Det melde departementet på sine eigne nettsider torsdag.

Begge søknadane fekk avslag ho Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), men klaga vedtaket inn for Olje- og energidepartementet.

Departementet har no handsama klagane, og opprettheld vedtaket til NVE i begge sakene.

Skår

På Skår tilrådde Ørsta kommune at det vart gitt konsesjon for kraftverket i Skåraelva, som har ein planlagt årleg produksjon på 6,4 GWh. Fylkesmannen var i tvil i saka, men landa på å rå frå utbygginga. Han meiner utbygginga vil ha negative konsekvensar for fjordlanskapet i Hjørundfjord. Forum for Natur og Friluftsliv i Møre og Romsdal var av same oppfatning.

Fleire andre lokale interesser, som Tussa, Ørsta Sau og Geit, Hjørundfjord Bondelag og Destinasjon Ålesund og Sunnmøre) støtta utbygginga på Skår, og meinte ho vil sikre busetnad og straumforsyning i den veglause bygda ved Hjørundfjorden.

Olje- og energidepartementet var på synfaring på Skår i fjor haust.

Les reportasje frå synfaringa: – Eit vere eller ikkje vere for grenda vår

Forum for Natur og Friluftsliv: Held fram kamp mot kraft

NVE la avgjerande vekt på at dei meiner vassføringa i elva blir redusert, sjølve om inntaket er flytta ned under den synlege fossen ved Skår. Det vil ifølgje direktoratet få store konsekvensar for landskapsverdien. Departementet stiller seg bak argumentasjonen og avslaget til NVE.

– Departementet meiner at ulempane kraftverket vil ha for landskapsverdiar i Hjørundfjorden er større enn det relativt avgrensa bidraget til ny fornybar energi og andre fordelar ved ei utbygging, heiter det i vedtaket.

Klubbeneset

Også på Klubbeneset tilrådde Ørsta kommune at det vart gitt konsesjon, men at inntaket burde bli flytta ned til skoggrensa. Fylkesmannen meinte kraftverket i Klubbeneselva var akseptabelt, men meinte også at inntaket burde bli flytta. Søkarane har vurdert å flytte inntaket, men meiner dette ikkje er teknisk eller økonomisk mogleg, skriv Olje og Energidepartementet.

NVE meinte at etableringa av inntak og rørgate vil vere konfliktfylt, og uheldig for fjordlandskapet og høgfjellslandskapet i området.

- Ein relativt avgrensa produksjon på 5,5 GWh kan ikkje kompensere for desse ulempene, meiner NVE.

Departementet stiller seg bak NVE også i denne saka.

– Etter departementets vurdering overgår dei negative konsekvensene for landskapsverdiar fordelane ved ei utbygging, skriv dei.

Endeleg vedtak

Då NVE behandla søknadane, sa dei ja til å gi konsesjon til tre andre kraftverk ved Hjørundfjorden, medan desse to altså vart avslått. Vedtaket frå Olje- og energidepartementet er endeleg.

Møre-Nytt kjem tilbake med meir.

Vegard Hotvedt Strømsvåg i Olje- og energidepartementet var på synfaring på Skår i fjor haust. Foto: Marius Myklebust