Søknaden om konsesjon til kraftutbygging i Skårelva ved Hjørundfjorden fekk avslag hos Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). No er klagesaka til handsaming hos Olje- og energidepartementet, og tidlegare i månaden var sakshandsamarane på synfaring på Skår.

Paraplyorganisasjonen FNF representerer Norges Jeger- og Fiskeforbund, Naturvernforbundet, Friluftsrådet, turistforeiningane og 4H i Møre og Romsdal. Organisasjonen uttalte seg kritisk til kraftutbygging også då NVE handsama saka. No varslar dei framleis kamp mot utbygginga.

– Fortel om naturkreftene

Sjølv om fossen blir skåna i utbygginga og den nedre delen av Skårelva er lite synleg store delar av året, meiner FNF at inngrepet ved ei utbygging er for stort.

– Ei elv med lita vassføring fortel at det har vore tørre veker. Grushaugar og spor av ei elv som har greve og endra løp fortel om naturkrefter i arbeid. Det er dette som er så godt synleg på Skår, og som forsterkar opplevinga av dynamikken i fjordlandskapet, skriv Ingbjørn Bredeli, koordinator for FNF i Møre og Romsdal, i ein uttale til departementet.

Grunneigarane meiner ei kraftutbygging er den einaste måten å sikre straumtilførsel, tilkomst med båt og framleis lys i vindauga i grenda. Utan kraft blir konsekvensen fråflytting og attgroing, varslar dei. FNF meiner på si side at omsynet til fjordlandskapet må kome først.

FNF minner om at dei ikkje var imot alle søknadane om nye kraftverk då NVE handsama småkraftpakken for Ørsta og Volda.

– Vi konkluderte med sju nei, eitt tja og seks ja på vilkår, skriv Bredeli.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal enda også opp på eit nei til Skår den gongen, sjølv om han var i tvil.

– Svekkjer landskapet

FNF viser til at den miljøfaglege utgreiinga konkluderer med at inntrykksstyrken i Skårelva er så høg at ei regulering av denne vil svekkje landskapskarakteren betydeleg.

– Kva konsekvensar vil det få for dei vurderingane som er gjort av den samla belastninga av fjordlandskapet om Skårelva no skulle få konsesjon? Vil eit anna prosjekt i pakken misse sin konsesjon? spør Bredeli.

Tidlegare har mellom anna styremedlem Johan Øye i Hotel Union Øye gått ut og støtta utbygginga på Skår. FNF meiner også det finst motstand mot utbygginga også i turistnæringa.

Dei viser til då Kristin Krohn Devold, den gongen generalsekretær i den norske turistforening, opna Urke kraftverk i 2009. Den gongen gav ho klart uttrykk for at Skårelva var eit døme på ei elv som burde vere skåna for kraftutbygging. Krohn Devold er i dag direktør for NHO Reiseliv.

<strong>:</strong>