– Opparbeiding av eit nytt gateløp må i vesentleg grad gjere situasjonen for gåande og syklande betre, skriv Møre og Romsdal fylkeskommune i fråsegna si til detaljreguleringa av E39 gjennom Volda sentrum.

Reguleringsplanen for delar av strekninga er lagt opp med vegbreidde på 6,5 meter og kantparkering, som samsvarar med såkalla miljøgater.

I det vidare arbeidet har Statens vegvesen ikkje valt ei slik løysing, men legg heller opp til ein vanleg veg og fartsgrense på 50 kilometer i timen.

Fylkeskommunen meiner omsynet til trafikksikring gjer at gata ikkje må dimensjonerast til meir enn 40 kilometer i timen, og at ho bør leggast opp som miljøgate.

Fylkeskommunen meiner også planen er utydeleg når det gjeld målet om gode byrom og sentrumskvalitetar. Dei peikar også på fleire manglar når det gjeld kulturminne frå nyare tid og automatisk freda kulturminne.