Volda Næringsforum, som representerer 60 bedrifter i kommunen, har fleire innvendingar til Statens vegvesen sine planar for ombygging av E39 gjennom sentrum. Planane inkluderer mellom anna ei ny bru over Øyraelva.

– Korleis stiller de dykk til dei langsiktige konsekvensane av å gjere store inngrep i Volda sentrum, all den tid mykje av grunnlaget for tiltaket forsvinn med omlegginga av E39 til den nye Volda-tunnelen? spør dagleg leiar Stefan Falck i høyringsuttalen til Volda Næringsforum.

Konsekvensar

Han meiner den nye brua vil få konsekvensar for sentrum også etter at E39 er flytta ut av sentrum.

– Kvifor skal Statens vegvesen gi E39-standard på eit tiltak gjennom Volda sentrum når dei ser føre seg at bygginga ikkje skjer medan vegen har status som E39.

Næringsforumet er kritisk til at det er lagt opp til 50-sone på vegen, og meiner dette i liten grad tek omsyn til mjuke trafikantar som vil krysse vegen.

– Er det dei mjuke trafikantane som er prioritert, eller er det flyt gjennom sentrum som er viktig? spør Falck retorisk.

Statens vegvesen legg også opp til å sperre mange av innkøyringane av innkøyringane til hovudvegen.

– Med tanke på utviklinga av Volda sentrum legg dette særs store føringar for korleis både innbyggjarar som bur i og ovanfor sentrum vil kunne nå fram til eigedommane sine. Det vil også få store konsekvensar for dei som knyttar offentlege og private tilbod og teneste i og rundt Volda sentrum.

Parkering

Næringsforumet spør om det vil vere mogleg å oppretthalde parkeringa framfor Hamnekvartalet, eller om denne også vil bli steng som ein konsekvens av at gjennomgangstrafikken blir prioritert.

Dei stiller seg også undrande til finansieringa av planane, i og med at E39-statusen og dermed også staten sitt eigarskap truleg er borte før dette blir gjennomført. Tidlegare har vegvesenet gitt uttrykk for at dei ser føre seg at fylkeskommunen tek ansvar for finansieringa av tiltaka.

Mykje av grunnlaget for tiltaket forsvinn med omlegginga av E39