Det seier leiar i kontrollutvalet i Ørsta, Sven Castberg. Måndag var administrasjonen i Ørsta kommune, saman med utvalsleiar i samfunnsutvalet, Inge Kolås, kalla inn på teppet av kontrollutvalet, for å forklare seg om kva som har skjedd under sakshandsaminga av den betente Osgeil-saka.

Spørsmåla frå utvalsmedlemen var mange. Kven hadde ansvaret for å finne ein settekommune etter at det vart kjent at administrasjonen i Ørsta kommune var ugilde? Kvifor vart ikkje dette gjort av administrasjonen? Har utvalsleiar rett til å gjere dette sjølv? Varsla han om at han gjorde dette arbeidet? Kven vart spurt, og kvifor? Vart gildskapen til utvalsmedlem Karl Asgeir Sæbønes vurdert?

Sæbønes var han som tok opp spørsmålet om Osgeila i eit møte i mai i fjor. Dette førte fram til eit vedtak der samfunnsutvalet bed om at det vert vurdert å stenge Osgeila med bom. Sæbønes var sjølv med på dette vedtaket, før det seinare viser seg at han har nær familie som bur der, og som har interesser i saka.

– Forslagsstillar var ugild frå første punkt. Bom var eit ønske frå familien til forslagsstillar. Korleis kan det gå så lang tid før spørsmålet om gildskap i det heile vart reist? spurte Sven Castberg.

Inge Kolås opplyste at dei i mai ikkje var kjende med at Sæbønes var ugild.

– Skal vi kjenne nokon ugilde, då må vi vite om det. Dette har kome opp seinare, sa Kolås.

– Det er vedkomande sjølv sitt ansvar, men om du har visst om det skulle du ha teke det opp. Men du kan ikkje vite alt, svara Castberg.

Advokat Kjetil Kvammen var også til stades. Han seier at det står klart i lova at dei som kan vere ugilde, skal varsle frå om dette i god tid.

– For politikarar kan dette vere alvorleg om det vert gjort medvite for å misbruke offentleg mynde. Det er også straffeheimlar for det. Særleg om det handlar om å oppnå vinning for seg sjølv eller andre som står nær. Det kan også gå ut over gyldigheita til vedtaket. Men i denne saka, der vedtaket var samrøystes, har eg liten grunn til å tru at ugildskapen i saka har hatt konsekvensar for resultatet.

Frå møteprotokollane har det heller ikkje kome fram at Sæbønes har kjent seg ugild i saka, før i januar i år.

– Det må vere feil. Eg er heilt sikker på at det har vore tema. Vi har alle visst at han har vore ugild, meiner Inge Kolås.

– Kvifor er det då ikkje protokollført? På kva møte tok Sæbønes opp gildskapen sin? spurte Kvammen.

– Det veit eg ikkje. Men eg står ved det eg seier, at vi i utvalet visste at han var ugild.

– Er det ein vanleg uskriven regel at de tek så lett på regelverket om gildskap? spurte konsulent i Vest Kontroll, Sigrid Aashild Torbjørnson.

– Nei, tvert imot. Vi tek ikkje lett på det, forsikra Kolås.

Han fekk også spørsmål om bakgrunnen for kvifor samfunnsutvalet i møtet i januar valde å gå inn på eit anna rom for å diskutere Osgeil-saka, medan publikum, dei fleste oppsitjarar frå Osgeila, vart sitjande att på møterommet. Dei oppfatta at møtet vart lukka. Dette er det ikkje heimel for i lovverket. Pressa vart også forsøkt stoppa i døra.

– Eg ser i ettertid at dette var feil. Vi skulle ha vorte verande på møterommet. Eg tenkte kanskje at det ville vere lettare å overtalet utvalsmedlemene til å gjere eit vedtak i tråd med mine ønske om der ikkje var så mykje publikum.

Kolås måtte også svare for kvifor han tok initiativ til å få Skjåk kommune som settekommune. Her tok også administrasjonen sjølvkritikk for å ikkje ha gjort ein god nok jobb med å ordne settekommune, slik at utvalsleiaren til slutt tok saka i eigne hender. Seinare trekte Skjåk seg, men Ulstein kommune har teke på seg saka.

– Eg kunne kanskje gjort ting betre og annleis. Men eg trur forsyne meg eg ville ha gjort det same på nytt, sa Kolås.

Kontrollutvalet trekte ingen konklusjonar. Dei skal no vurdere saka, før dei i nytt møte 29. mars skal kome med sine vurderingar.

I møtet: Konsulent i Vest Kontroll, Sigrid Aashild Torbjørnson og advokat Kjetil Kvammen. Foto: Janne-Marit Myklebust