Det seier Karl Asgeir Sæbønes. I kontrollutvalet måndag vart det stilt fleire spørsmål om gildskapen til Sæbønes i Osgeil-saka. Dottera hans bur i geila. Sæbønes tok opp saka om Osgeila i samfunnsutvalet i mai i fjor. Sidan har ballen rulla.

– Det galdt eit brev frå grendelaget som var eitt år gamalt, og som kommunen ikkje hadde svart på. Eg etterlyste dette svaret. Det var difor eg tok det opp, seier han, og legg til at han var open om at dottera hans bur i området.

– Seinare, når saka starta å handle meir om enkeltpersonar og deira meiningar, då følte eg det var rett å ta opp gildskapsspørsmålet. I januar var eg ikkje med då det vart gjort vedtak, seier han.

– Elles veit eg for lite om kva som har vorte sagt i kontrollutvalet til at eg kan seie så mykje meir om det no.