– Dagens anlegg er sprengt. Vi har lagt ein plan der vi vil flytte det vi kallar den industrielle delen av aktiviteten vår til Melsgjerdet, fortel dagleg leiar i VØR, Petter Bjørdal.

Med industriell aktivitet siktar han til hushaldningsavfall, glas, matavfall m.m.

– Vi er svært godt nøgde med anlegget vi har i Hovdebygda, men her er ikkje plass til å utvide noko meir. Vi har ikkje sett oss syn med å kunne bygge eit nytt mottaksanlegg for matavfall her. Det er andre krav til eit slikt type mottak, seier Bjørdal.

Kjøper tomt

Dermed har dei tenkt nytt.

–Vi har inngått ein avtale med Ørsta kommune der vi forpliktar oss til å kjøpe eit bestemt areal på rundt 20 mål i Melsgjerdet.

VØR håper på byggjestart hausten 2016, men først må kommunen leggje til rette for mellom anna tilkomst med nye vegar og bru til området. Om alt går etter planen vil VØR flytte noko av aktiviteten sin hit i løpet av 2017.

– Vi har eit vedtak som seier at vi skal ha eit mål om 60 prosent materialgjenvinning innan 2020. Det er i tråd med dei nasjonale og internasjonale krava om at vi skal sortere meir i åra framover.

Publikum

Administrasjon og den publikumsretta delen av gjenvinninga vil framleis halde hus i Hovdebygda, så for publikum vil ikkje endringane verte særleg merkbare.

– Vi er godt nøgde med plasseringa vår, midt mellom Ørsta og Volda, så det er ikkje aktuelt å flytte denne delen av verksemda.

Hageavfall har VØR i ein periode no levert til kompostering i Nordfjord, men no skal dette anlegget leggjast ned, og VØR må gjere jobben sjølve.

– Og det har vi eigentleg ikkje plass til, så det skal vi også flytte til Melsgjerdet, men mottaket vert i Hovdebygda som før, så tek vi komposteringa i Melsgjerdet.

Løysinga meiner Bjørdal er framtidsretta.

– Sortering vil det berre verte meir av i framtida. Satsinga i Melsgjerdet skal romme både dei nye fraksjonane, erstatte Alida og ta veksten som er venta i framtida. Så dette vert ei stor utviding.

<strong>Melsgjerdet:</strong> VØR har inngått intensjonsavtale med Ørsta kommune om kjøp av tomt i industriområdet i Melsgjerdet. Når kommunen har laga klart området med vegsamband etc., vil VØR starte utbygginga på eit tomt på om lag 20 mål. Dei håper å kunne starte gravearbeidet i løpet av andre halvdel av 2016.