– Ja, for fem minutt sidan tinga eg figurar som vi skal montere opp på kyrkjetårnet. Dei blir montert opp så snart dei kjem, truleg denne veka, seier kyrkjeverje Arnstein Myklebust til Møre-Nytt.

Flaggspetten sine åtak på Hjørundfjord kyrkje på Sæbø vart oppdaga i fjor haust. I vår sa sokneprest Espen Aarset at skadane var så alvorlege at han ville be om tiltak.

Har søkt råd

Fuglen har hakka hol på alle sider av tårnet. Fleire av hola er djupe. I tillegg til at dei er skjemmande, skaper flaggspetten fuktproblem i treverket i kyrkjetårnet.

– Vi har søkt råd fleire stader, og dei fleste meiner at ei eller anna form for skremsel er det beste. Difor har vi tinga rovfuglfigurar som vi skal montere opp i kyrkjetårnet for å skremme «vandalen», seier Myklebust.

Det er planlagt vedlikehald av kyrkja på nyåret, og kyrkjeverja ønskjer å få orden på problema før den tid.

– Om dette ikkje fungerer, må vi gå vidare og finne andre løysingar for å skremme han bort.

Slik såg kyrkjetårnet ut i vår. Foto: Rune Sæbønes
Hjørundfjord kyrkje (arkivfoto)