Hakkespett har gått til åtak på kyrkjetårnet til Hjørundfjord kyrkje. Åtaka er såpass alvorlege at sokneprest Espen Aarset ber om tiltak.

Hakespetten har hakka hol på alle sider av tårnet. Nokre stader er det djupe hol, andre stader har han akkurat byrja.

Åtaka vart oppdaga alt i fjor haust, men i løpet av vinteren har hakkespett vore der og laga nye øydeleggingar.

– Vi høyrer hakkespetten titt og ofte på tårnet, fortel nabo Leif Slettedal.

Litt av ein jobb

Sokneprest Espen Aarset i Hjørundfjord stadfestar at kyrkjetårnet har vore under åtak i haust og vinter.

– Hakkespetten har gjennomført litt av ein jobb. Eg har aldri sett noko slikt tidlegare. Ein stad har han hakka seg igjennom, slik at der er hol. Andre stader har han ikkje kome så langt, fortel Aarset.

Spettmeis

– Eg trur nok at flaggspetten er den mest trulege syndaren. I fjor haust opplevde vi ein invasjon aust- og nordfrå av flaggspett.

Det seier fugleekspert Alv Ottar Folkestad.

Han fortel at dei i september/oktober var uvanleg mykje flaggspett på vandring vestover og sørover. I løpet av ein dag vart det t.d. talt meir enn seks hundre flaggspett som passerte Jæren.

– Eg har tidlegare ikkje sett liknande, og mange av flaggspettane slo seg ned også her. Dette er fuglar på vandring, og dei leitar etter mat og ly. Nokre av dei vil ha overnattingsplassar, og då kan dei gå til åtak på bygningar, stolpar og tre for å skaffe seg eit lite rom. Mange overvintrar, men dei vil reise att ut på våren, seier Folkestad.