Det skriv han i sakspapira til styremøtet i Helse Midt-Norge RHF 15. og 16. juni.

Det er i saka om langtidsplanen for Helse Midt-Norge i perioden 2017-2022 Slørdahl foreslår dette.

Smp.no melde om saka først.

Det akuttkirurgiske tilbodet har vore nedleggingstrua på grunn av arbeidet med Nasjonal helse- og sjukehusplan. Helse- og omsorgsminister Bent Høie foreslo ein modell som la opp til at Volda sjukehus og fem andre sjukehus kunne miste akuttkirurgien.

Dette utløyste store protestar frå legar, pasientar og lokalbefolkning i Volda sjukehus sitt nedslagsfelt. Det vart mellom anna arrangert fakkeltog i Volda for å markere støtte for sjukehuset.

Saka skal opp til styrebehandling i Helse Midt-Norge, og kjem også på bordet til Helse Møre og Romsdal før ho er avgjort. Helse Møre og Romsdal skal greie ut organiseringa og nivået på den framtidige akuttkirurgiske beredskapen ved Volda sjukehus.

Det er ikkje tvil om at innstillinga frå Slørdahl er eit godt teikn for akuttkirurgien i Volda.

«For kommende utviklingsplanperiode legges det til grunn at Helse Møre og Romsdal HF skal opprettholde et akuttkirurgisk tilbud ved Volda sjukehus», skriv Slørdahl.

I semja om sjukehusplanen mellom Høgre, Frp og Venstre på Stortinget, vart det slått fast at det framleis skulle vere akuttkirurgi der det er naudsynt. Det skulle likevel vere opp til helseføretaka å ta avgjerder i slike saker.