Høgre, Framstegspartiet og Venstre på Stortinget er samde om ein avtale om den nasjonale helse- og sjukehusplanen. Avtalen opnar for at Volda sjukehus kan få behalde det akuttkirurgiske tilbodet, men gir ikkje ein garanti for det.

Det vart klart under ein pressekonferanse på Stortinget torsdag føremiddag.

– Sjukehus som i dag har akuttkirurgisk tilbod, skal framleis ha det dersom der behov for det og dersom dei klarer å halde oppe kvalitet og pasienttryggleik, sa Kari Kjønaas Kjos (Frp), leiar i helse- og omsorgskomiteen.

KrF bryt med regjeringa

Dei tre partia har fleirtal for avtalen på Stortinget. KrF er ikkje del av avtalen, og har brote samarbeidet med regjeringspartia og Venstre i denne saka.

Olaug Bollestad, nestleiar i KrF, seier til NTB at avtalen berre er ei mellombels freding av sjukehusa i Volda, Narvik, Lofoten, Stord og Flekkefjord, og at han i praksis vil føre til ei utarming av lokalsjukehusa.

– Vårt krav har vore at sjukehus med akuttfunksjonar må ha beredskap innan kirurgi, noko som også er eit tydeleg krav frå Legeforeningen og majoriteten av høyringsinstansane. Dette er fagleg grunngitt og rett og slett sunn fornuft, seier Bollestad i ei pressemelding.

Torgeir Michaelsen, helsepolitisk talsperson i Ap, er ikkje like kritisk. Han meiner dei tre avtalepartia delvis har kome Arbeidarpartiet i møte, men han er ikkje nøgd.

– Vi kan ikkje utan vidare gå god for avtalen til dei tre partia. Vi har lagt fram vårt eige opplegg, og det er vårt svar på Høies plan, seier han til NTB.

Senterpartiet går hardt ut mot avtalen. Dei meiner formuleringa om at det framleis skal vere akuttkirurgisk tilbod der dette er naudsynt, er lite verdt.

– Dette er den same grunngjevinga som helse- og omsorgsminister Høie tidlegare har brukt som argument for å legge ned lokalsjukehus som Rjukan og Kragerø. Folk må ikkje la seg lure av avtalen, seier Kjersti Toppe, nestleiar i helse- og omsorgskomiteen på Stortinget.

Vil ta omsyn til geografi

Då helse- og omsorgsminister Bent Høie la fram sitt forslag til nasjonal helse- og sjukehusplan i fjor haust, la han opp til eit scenario der Volda og fire andre sjukehus låg an til å miste det akuttkirurgiske tilbodet sitt.

– Det scenariet legg ikkje føringar for det vidare arbeidet med sjukehusplanen, forsikra Kjønaas Kjos under pressekonferansen.

Geografien og vêret på Sunnmøre har vore eit viktig argument for at Volda sjukehus framleis bør ha akuttkirurgi. Dette har vorte teke omsyn til i avtalen mellom Høgre, Frp og Venstre.

– Denne planen gir grunnlag for at dei stadane der vêr, vind og avstandar er ein viktig faktor, skal få behalde den allsidigheita som eit akuttkirurgisk tilbod gir, sa Ketil Kjenseth, helsepolitisk talsperson i Venstre, under pressekonferansen.

Dei tre partia ønskjer også at lokalsjukehusa utviklar spesialkompetanse innanfor område dei er gode på.

Ingen garanti

Planen er likevel ikkje ein garanti for at sjukehus ikkje mistar akuttkirurgien.

I definisjonen av eit akuttsjukehus i avtalen, er det ikkje stilt krav om akuttkirurgi, berre indremedisin. Det blir likevel påpeikt at det akuttkirurgiske tilbodet skal haldast oppe der til dømes vêrtilhøve gjer at det er behov for det.

Dei tre partia er også samde om at ingen sjukehus skal leggjast ned som følgje av vedtak om planen i Stortinget. I tillegg gjer dei det klart at det ikkje er Stortinget, men dei regionale helseføretaka (Helse Midt-Norge i Volda sitt tilfelle) som skal ta slike avgjerder.  Dette er ikkje KrF samde i.

- KrF meiner at vesentlege endringar i sjukehusstruktur og sjukehusfunksjonar skal bli avgjort av Stortinget i Nasjonal helse- og sjukehusplan kvart fjerde år, etter modell av Nasjonal transportplan, seier Olaug Bollestad.

Lokale representantar nøgde

Dei lokale stortingsrepresentantane til Høgre og Frp er nøgde med avtalen.

- Det er viktig for oss lokalt at ein desentralisert sjukehusstruktur blir sikra, slik at heile befolkninga blir sikra trygge helsetenester også i framtida, og ikkje minst at avtalen styrkar funksjonen til dei mindre sjukehusa, seier Oskar Grimstad (Frp) i ei pressemelding.

Også Elisabeth Røbekk Nørve er nøgd med avtalen. Begge presiserer at det er viktig med traumeberedskap og generelt akuttkirurgisk tilbod dersom bosettingsmønster, avstand mellom sjukehus, bil-, båt- og luftambulansetenester og vêrtilhøve tilseier det.

Avtalen

I avtalen mellom dei tre partia, heiter det at:

«Akuttsykehus skal ha akuttfunksjon i indremedisin, anestesilege i døgnvakt, planlagt kirurgi, beredskap for kirurgisk vurdering og stabilisering, og håndtering av akutte hendelser (akuttkirurgisk tilbod er altså ikkje eit krav for å vere akuttsjukehus, red. merk.). Vi mener at akuttsykehus skal ha traumeberedskap og generelt akuttkirurgisk tilbud hvis bosettingsmønster, avstand mellom sykehus, bil- båt- og luftambulansetjenester og værforhold gjør det nødvendig.

Akuttsykehusene vil etter som lokale forhold tilsier det, ha ulik kompetanse og systemer for vurdering, stabilisering og håndtering av akutte hendelser. Flere av sykehusene vil fortsatt måtte ha fullt akuttkirurgisk tilbud på grunn av lange avstander.»

Les heile avtalen her (ekstern lenkje)