– Vi er stolte og audmjuke over denne utnemninga, og det stadfestar at god kundebehandling og stort utval blir verdsett av kundane våre, seier dagleg leiar Lars-Ove Hammer i ei pressemelding.

Norsk kundebarometer måler kor nøgde norske forbrukarar er. 180 bedrifter er med i den årlege undersøkinga, og over 9.000 personar har svar på årets spørjeundersøking.

Haugenbok.no har vorte beste bokhandel i kundebarometeret i fleire år, men gjekk i år til topps blant alle bedriftene som er med i undersøkinga.

– Siste året har vi lansert ny nettbutikk og overteke drifta av akademika.no. At kundane held fram med å vere lojale og sender oss til førsteplass på Norsk Kundebarometer, er ein stor motivasjon for oss, seier Hammer.

Haugenbok.no vart starta opp i 1997, og er Noregs eldste og største nettbokhandel.