– Vi har ei veldig positiv utvikling i omsetning, og opplevde stor vekst i fjor, samanlikna med året før, fortel dagleg leiar Lars Ove Hammer.

Tala for 2014 er ikkje offisielle enno, men i 2013 omsette dei for 127 millionar kroner. Totalt dei siste fire åra har veksten vore på over 60 prosent. Staben tel 25 personar.

– Vi har knapt med plass. Så no søkjer vi kommunen om å få kjøpe tomt i det nye næringsområdet på Øvre Rotset, fortel Hammer.

Vidare vekst

Planen er å byggje eit nytt kontor- og logistikkbygg. Helst så snart som råd.

– I dag har vi folk og bøker over fire etasjar i Volda sentrum. På Rotset ser vi føre oss at vi kan få eit meir rasjonelt logistikkbygg som er tilrettelagt for vår verksemd. Då vil vi kunne få ei meir rasjonell drift, og med mulegheiter for vidare vekst.

I første byggetrinn planlegg dei eit bygg på om lag 1.200 kvadratmeter.

haugenbok.no AS og morselskapet Forlagshuset Vigmostad & Bjørke AS har god likviditet og ledig kapital til å dekke både kjøp av tomt og nybygg.

Det er berre eit lite år sidan morselskapet kjøpte opp bokhandlarkjeda Akademika. Nettbutikken driv dei frå Volda.

– haugenbok.no er i vekst, og vår nye nettbutikk veks, i tillegg til at vi har fått andre oppgåver lagt til Volda, seier Hammer som forklaring på dei gode tidene.

Arealet dei ønskjer å kjøpe på Rotset er i dag nytta som massedeponi. Hammer seier at dei vil akseptere at berre halve tomta vert klargjort til bygging i første omgang, og at resten av tomta då etter behov kan brukast til massedeponi til massane skal nyttast i samband med andre industritomter i området.