Les også: – Fornuftig å slå saman lensmannskontora

– Politianalysen seier det skal verte lettare å regulere grenser og struktur i norsk politi. Politimeisteren antydar no at han vil sjå på samanslåing av lensmannskontora som ei mulegheit. Når vi allereie er under same tak, vil dette kanskje verte ein av dei første plassane i Noreg ei samanslåing lett kan gjennomførast, seier Hagen.

Kontorfellesskapet har ifølgje lensmannen fungert svært godt.

– For oss var det naturleg å kome under same tak. Dersom ikkje, måtte vi ha stengt kontoret i periodar om sommaren.

Påverkar ikkje publikum

Frå 1. august har Hagen fungert som lensmann for begge kommunane, etter at Volda-lensmann Jostein Vatne gjekk over i anna stilling i politiet. Kommuneleiinga i Volda vart måndag orientert om endringa.

Hagen poengterer at «dobbelstillinga» i stor grad er av administrativ art, og vil ikkje påverke publikum.

– Om det er ein eller to lensmenn verkar ikkje inn negativt på dei generelle tilboda våre, seier han.

– Godt samarbeid

Hagen takkar sin avtroppande kollega for godt selskap gjennom mange år.

– Eg har samarbeidd godt med Jostein sidan eg starta i Ørsta i 1984. Han har teke stort ansvar og vore ein nær kollega. Eg kan ikkje straks fylle rommet etter ein som har så mykje kunnskap og er så uredd for å møte utfordringar, rosar Hagen.

Fagleiarar

Når spørsmålet om ei eventuell samanslåing av lensmannskontora no kjem opp, meiner Hagen det kan vere ein god plan. Gjerne då med fagleiarar underlagt lensmannen.

– Ein kan tenkje litt alternativt og få inn fagleiarar i politiet. Det vi styrer med er såpass komplisert at ein kan ha leiarar innan fagfelta. Ein må t.d. ha nokre som går inn og tek ansvar for det Vatne har hatt ansvaret for, seier han.

Godt kjend med Volda

Hagen har frå før god erfaring med Volda som tenesteområde.

– Eg kjenner godt til Volda kommune, topografien og folket der. Det er mange felles problemstillingar å halde seg til, seier han. Hagen har også fungert som driftseiningsleiar for lensmannskontora sidan 2005. Dette inneber resultatansvar, økonomiansvar og personellansvar.