Les også: Lensmann for Ørsta og Volda

– Mykje talar for at det er fornuftig å slå saman dei to kontora, som allereie er under same tak. Vi har gode røynsler med det, og håper kommunane vil sjå nytteverdien av det, seier Hasseldal.

Jostein Vatne har gått over i anna stilling i politiet, og har med det sagt opp stillinga som lensmann i Volda kommune.

Inntil vidare er Ørsta-lensmann Guttorm Hagen konstituert lensmann også for Volda kommune.

– Vi skal no sjå på kva som kan gjerast vidare. Det er to mulegheiter: Å lyse ut lensmannstillinga slik ho er i dag, eller å vurdere om det er tid for å slå saman kontora. Alt ligg til rette for det, og dei er allereie under same tak. Vi må gå i dialog med kommunane om det er aktuelt å gjennomføre ei samanslåing, seier Jon Steven Hasseldal.

– Ser du det som aktuelt å slå dei saman?

– Det er openbart fordelar med det. Det er fornuftig å ha ein leiar på eitt kontor, men det er altså avhengig av om kommunane er einige i det. Vi skal no ha ein runde med dei. Om dei seier det er uaktuelt, vil vi lyse ut stillinga på vanleg måte og tilsetje, seier Hasseldal.

Administrasjonen i Volda kommune vart måndag orientert om at Hagen har teke over som lensmann for begge kommunane. No vert det ei politisk sak for å avgjere om ein skal slå kontora saman også.

I første omgang vil politimeisteren kome med eit forslag som må takast opp i kommunestyret.

– Prosessen vil ta noko tid. Men det kan også vere at dei berre seier at dei ikkje er interessert. I så fall vil vi ikkje fremje vidare forslag om det, seier Hasseldal.

Dersom kommunane er positive til å slå saman lensmannskontora, vil dette truleg skje i løpet av året.