Geir Høydalsvik er oppgitt over systemet som Pasientreiser tilbyr. Torsdag skreiv Møre-Nytt om Hildegunn Ose som opplevde ein vanskeleg tur med Pasientreiser frå Vigra til Værnes. Og ho er ikkje aleine om å oppleve systemet til Pasientreiser som firkanta.

– Det er distriktsfiendtleg, meiner Høydalsvik.

Han skulle sjølv til ein sjekk på Rikshospitalet. I god tid før sjekka han flyrutene frå Hovden, og kom med forslag til Pasientreiser om flyavgang, slik at dei kunne bestille til han. Skal pasientar ha reisa dekt har dei nemleg ikkje høve til å bestille sjølve. Han fekk negativt svar. Grunnen var at dei fann billettar frå Vigra som var 200 kroner billegare. Turen som i utgangspunktet ville ha teke i underkant av sju timar tur-retur, ville no verte på 15,5 timar, inkludert buss tidleg om morgonen frå Ørsta.

– For meg er også tida verdifull, og det er ho for alle andre også, sjuke som friske. Pasientreiser meinte på si side at tapt arbeidsforteneste og lang reisetid ikkje var noko dei kunne ta omsyn til. Eg meiner at det må vere innlysande at Pasientreiser skal ta omsyn til fleire ting enn billettprisen. Og for sjuke folk vil det vere ei vesentleg meirbelastning å måtte bruke så mange unødvendige ekstra timar på ei reise.

Geir Høydalsvik nekta å gi seg. Han sende fleire e-postar til Pasientreiser, og bad dei om å revurdere saka hans. Han fekk negativt svar. Til slutt var det gått så lang tid at prisane på Hovden nær hadde dobla seg. Høydalsvik tilbaud seg å betale mellomlegget på dei to reisealternativa, slik at han kunne reise frå Hovden likevel. Han fekk igjen negativt svar.

Pasientreiser svarer: – Vi er inne i ei endringsfase

– Det er det dessverre ikkje moglegheit for gjennom vårt system.Vi kan tilby reise via Vigra, og om du vel å takke nei, fell retten for dekning av reisa vekk, var den klare beskjeden i e-postane.

– 200 kroner utgjorde altså skilnaden på ei reise på knappe sju timar og ei reise på 15,5 timar.

Enda på visa var at Høydalsvik likevel reiste frå Hovden på eiga rekning.

– Dei har monopol og styrer som dei vil. Systemet er for dei rike. Er det berre dei som fortener ein god kvardag? Folk med dårleg økonomi har ingen andre alternativ enn det Pasientreiser tilbyr dei. Dei styrer dette akkurat som dei vil, utan omsyn til enkeltmennesket og den belastninga som lange reiser er.

Høydalsvik meiner at systemet kunne ha vorte vesentleg enklare med små grep.

– Alle har ei bustadadresse, og alle sjukehus har ei adresse. Når Pasientreiser ser at ein pasient har time på eit sjukehus, burde dette løyse ut ein fast sum som pasienten har disponibelt til å reise, alt etter kor lang reisevegen er. Og så får kvar enkelt ordne ut sjølv.

Han meiner systemet er like firkanta når det gjeld betaling for offentleg transport. Bussbillettar må sendast inn saman med eit ferdig utfylt skjema. Kostnader ved privatbil dekkjer dei ikkje, til trass for at dette vil vere langt billegare enn å skulle betale for offentleg transport. Høydalsvik meiner Pasientreiser skor seg på at folk ikkje orkar å ta opp kampen mot byråkratiet.

– Det vert spekulert i at systemet er så tungvint at folk ikkje orkar å krevje sin rett. Pasientreiser gøymer seg bak sitt eige regelverk og gløymer at pasientane faktisk er kundane deira.

Han etterlyser politisk handling.

– Her kan regjeringa forenkle og samstundes gjere det betre for pasientane. Dette står eine og åleine på politisk vilje. Pasientreiser sparer småmynt på å påføre pasientane desse ekstra belastningane.

Pasientreiser svarer: – Vi er inne i ei endringsfase