Det stadfestar Jacob Devold som er seksjonsleiar for Pasientreiser i Møre og Romsdal. Han fortel at eit heilt sentralt hovudprinsipp i lovverket deira er: «Ved beregning av stønaden skal taksten for den billigste reisemåten med rutegående transportmiddel legges til grunn, med mindre pasientens helsetilstand gjør det nødvendig å nytte et dyrere transportmiddel, eller det ikke går rutegående transport.»

Og her er dei tydelege på at dei ikkje fråviker kravet. Dei vil heller ikkje akseptere at folk betalar mellomlegget dersom dei finn seg ei dyrare reise.

Når det gjeld bruk av privatbil, har heller ikkje dette vorte dekt. Pasientreiser dekkjer berre kostnader knytt til offentleg transport, til trass for at dette gjerne er dyrare enn å dekke bruk av privatbil.

– Men vi bur i ein landsdel med krevjande geografi. Enkelte stader finst det ikkje rutegåande transporttilbod, og i andre område er der eit svært avgrensa tilbod. I slike tilfelle dekkjer vi nødvendige kostnader. Det kan til dømes vere å bruke eigen bil til godkjent trafikknutepunkt, og rutegåande transport derifrå, informerer Devold.

Endringar

Og ordninga med innsending av skjema til Pasientreiser er også snart forenkla, lovar Devold.

– Pasientreiser er inne i ein endringsfase, og dagens ordning med innsending av reiserekningsskjema og nødvendig dokumentasjon i posten er i ferd med å få eit alternativ. I løpet av 2016 vil ei ny elektronisk løysing, «Mine Pasientreiser», verte lansert med eit forenkla regelverk. Dette gir moglegheit for innsending av reiserekning elektronisk, maskinell handsaming gjer ting meir effektivt, og regelverket vert enklare med færre krav til dokumentasjon, og standard kilometersats, uavhengig av transportmiddel.