– Det er selt over 400 billettar til dei første framsyningane. Vi set opp fleire visningar i veka som kjem, og på sjølvaste valdagen måndag 14. september viser vi Bølgen som dagkino, seier kinosjef Janne M. G. Skarstein i ei pressemelding.

Bølgen har premiere over heile landet fredag kveld.

– Det er framleis råd å få tak i billettar i opningshelga, men det er nok lurast å tinge på førehand.